søndag 15. april 2012

Då erklærer eg ute-sesongen for opna!!!;o)

I dag har det vore strålande solskin i Florø, men og ein kald vind…..
Og vi har vore ute mesteparten av dagen, det gjer godt!

Bilen har fått sommardekk, hagemøblane er komne ut i sola og har fått seg ein vask. Ungane har funne fram fotballen, syklane og tynnare jakker….

Det har vore godt å kjenne sola varme.

Etter at møblane var tørka fann vi oss ein lun krok der vi rigga oss til og feira opninga med NYDELEG!! sjokoladekake, laga og pynta innbydande av eldstegullet.
Det var godt å kunne sitte i sola, nyte kake, frukt og te og vite at vi er i starten på denne gode sesongen;o)


Dei små lappane har  og blitt større... Fleire har blitt ferdig og her er resultatet så langt.
Friskt og fargerikt;o). Berre lekkert!
Eg har brukt både nytt og gammalt stoff, mest gamle sengeklede, som eg er så heldig å ha fått om hende.


Eg trur det blir bra! Kanskje får eg sydd litt meir i dag.
Eg har, som vanleg...., fleire prosjekt på gang samtidig og kjem stadig på saker og ting eg så gjerne skulle laga....
Eg er vel ikkje heilt aleine om det......;o)

Gjer dagen din god!


6 kommentarer:

Lilla dør sa...

God følelse når me kan flytte ut:))). Eg er enig med deg at quilter du syr er bare lekkert. Gleder meg til å se resten. Klem

STEINKJERRINGA sa...

Her også. Bord og stoler ble satt ut til påske, og etter påske kom DET snøfallet, men nå er det vår og sol også her i nord. Flott stjerneteppe du syr.

Orlaug sa...

So fine fargar i syprosjektet ditt!
Her i nabofylket i sør har det òg vore bra vèr.
Eg prøvde meg ut med strikketøyet, men etter ein halv time vart det for kaldt.......
Ha det so bra!

Merete sa...

Superfine stjerner! Jeg elsker stjerner i alle fasonger, har kjøpr en Buggy Barn bok og tenkte jeg skulle prøve meg på et stjerneteppe der :o)
Ha en deilig søndagskveld!

KariL sa...

Godt å sitte ute i dag, men jammen måtte ein finne seg ein godt skjerma plass. Nydelige farger i det nye prosjektet ditt. Stjerner alltid kult..

Har du òg fleire prosjekt/idear på gang :o) kjenner den.....

KariLklem :)

Krikri sa...

Ønsker deg en god vår. Det må jo bare bli bra med en slik åpning.

Flotte stjerner!!