tirsdag 24. april 2012

Kurskos!


I helga har eg fått vere på kurs med Wenche Wolff Hatling. Det var grådig kjekt!!!

Vi var innom tre tema og i dag viser eg litt av det vi var innom.

Eg startar med slutten.... Då var det Broderusk som var tema. Vi fekk kvar vårt mønster, spesielt for kvar og ein.

Dette vart teikna av og bordert med forskjellige typar sting.



 Eg var innom 6 forskjellege sting. Eg leika og kosa meg stort!

Vi fekk og ei innføring i fargelegging av broderiet, og mange gode tips er notert og skal prøvast ut.

Det er kjekt å prøve noko nytt og er eg heldig vil sommaren bringe mange sol stunder ute med kjekt handarbeid;o)

Laurdag var det veskesaum og her er mitt ekseplar.

Det er ei kjekk mappe som eg tenkte å ha syutstyr i.

 Den kan hengast opp på veggen og raskt og greitt rullast saman og vips er eg klart til symøte;o) Alt på ein plass.... får vi håpe......;o)

Eg var heldig å ha eit flott stoff med enlgar på. Etter litt tankearbeid og oppmåling fekk eg englane rett veg i begge endar!

Resultatet vart ei nusseleg veske, litt uvanleg av meg, men den er litt mindre nusseleg innvendig.

Og eg likar den betre og betre.

Det var ei grådig kjekke helg og ein dyktig lærar.

Mange gode idear og teknikkar vart vist. Ny inspirasjon var det og mykje av.

Ei kurshelg med Wenche kan eg anbefale på det varmaste!


Gjer dagen din god!


5 kommentarer:

Anonym sa...

Dette ser ut til å ha vært et kjekt kurs og så mye du har lært. Veska ble jo veldig fin.

Ha en fin kveld.

Gudrun sa...

Så härliga saker ni sytt. Wenche är så inspirerande !
Kram Gudrun

Lilla dør sa...

Såg kjempe kjekt ut kurset.....eg skulle ha vert der. Fine ting du har laga . Klem

Ann Tove sa...

So mykje fint du har laga. Kjekt å vere på kurs å lære nye ting, og å vere ilag med andre med samme interesse.

KariL sa...

Alle tiders kurs ilag med dyktig kursleiar og kjekke kursdeltakere. Mappa di vart kjempefin. Englegod bare :)

KariLklem:)