mandag 9. april 2012

Pønkehare....

Lilla dør skreiv at gult er kult. Det er eg einig i.....

Det eine gule nøstet har no blitt til ein harepus.

Ein sjøgrøn rest, nei den er ikkje blå som på biletet..... varmar godt.


Denne vart litt pønkete, med sine friske fargar i fleng....

Gul, rosa, lilla og sjøgrønn er friskt og fint saman. Synd at det ikkje viser på bilete, men, men ....

.....om du vil sjå det er det berre å komme innom ein tur;o)

 
Då seier eg meg ferdig med hareproduksjon frå denne boka...... og minstegulla har fått kvar sin harepus.

Eit krystall har og blitt ferdig, litt motvekt med sine sarte fargar.

Det er tre att, kanskje får eg eit ferdig i dag, eller kanskje blir det symaskina som vinn.... Det er godt med dagar utan planar....

Uansett blir det ein fin dag, truleg blir det ein tur ut i gråvêr og regn.... Tida vil vise.....

Gjer dagen din god!


3 kommentarer:

Edny sine puslerier sa...

Det var en skikkelig fin og frisk påskehare;)

Lilla dør sa...

Ja sant at......gult er kult!!!! Flott påskeharen vart . Eg dessverre ikkje heilt ferdig med min nummer to.:)))

siri ore elle sa...

Kjempefin harepus!! Så søt!! Og veldig fin snøkrystaller:-)))
legger meg som følger her på bloggen din:-)))
klem