torsdag 19. april 2012

Skal den vere slik, eller slik, eller slik, eller......

Eg har jobba med å skape ei mappe til å oppbevare smykke. Den skal og kunne vere grei å ta med på reise.

Utgangspunktet var dette.

Denne mappa er ein miniutgåve for å teste ut ideen.

Etter å ha sydd den såg eg at den ikkje fungerer slik eg har tenkt det.

Nye idear dukka opp og eg teiknar, tenkjer og vurderer på nytt.

Ei ny mappe blir testa og denne gangen er eg nesten nøgd....

Her er det troll-smykket mitt som har fått ei god oppbevaring.

Eg såg endå ein detalj for å få den betre, den har no kome med og eg håpar at mottakar blir nøgd og finn å kunne bruke den.

Her er lommar i endane og hemper slik at smykket ligg på plass.


Det kan brettast i to slik at den ikkje blir så stor.

Klaffane inne i mappa gjer til at det blir eit lag stoff mellom smykket når ei brettar det slik at smykket ikkje gnissar og blir øydelagt.

Bilete på utsida og quiltesaumar pyntar opp.

Det er kjekt at den er både brukande og pen å sjå på.

Så då matte eg berre måtte pynte mi eiga smykkemappe og.....

Stoppefoten vart funne fram og vips så var det mange smykker på rad og rekkje;o)

Saman med gla'stoff frå Qiltekroken har det blitt ei kjekk mappe.

Har du ei fin mappe? Det er eg ganske sikker på;o)

Gjer dagen din god!

5 kommentarer:

Lilla dør sa...

Har bare ein ting å seia ; du er go'e . Den vart kjempe fine og praktisk :)

Anonym sa...

Den blei flott og eg tippar den fungerer godt :)
Ha ein god kveld !
Klem Laila

Sonja frå Sunnfjord sa...

Fin og smart mappe du har laga!

Edny sine puslerier sa...

Ein god ide! Kjempefin og praktisk;)

Svalen sa...

Mappe til smykker er så kjekt å ha til reisebruk, og dine ble flotte og praktiske.
Ha en fin helg:)