søndag 1. april 2012

Titt tei!

"Eg ville berre stikke innom for å seie hei!  

Eg er litt fortumla......

........men ganske sjarmerande for det;o)".......





....."Utsikta er ikkje noko å klage på her, men den er litt grå....


.....Eg har høyrt at grå er ein fin farge, då den inneheld alle fargar.....;o)

Eg trur det var Kråka i ei bok om Mamma Mø som sa det, og då må det vere sant......"



Også eg har strikka påskeharen frå boka Påske året rundt.

Eg har brukt restar av alpakka til haren og ein anna mjuke fin rest til gensaren. Ullkule blir ein koseleg hale.


Eit koseleg lite strikk, og tida vil vise om det kjem fleire......;o)


Det er og eit anna strikk på pinnane. Eg har funne ein fin raudfarge i Lerke frå min lokale tråbutikk.
Ein kjekk butikk å komme innom. Smilande kjekke jenter som gjerne hjelper deg, og dei har eit fantastisk uval i tråd! Snopebutikk nr to i Florø;o)

Ta gjerne turen innom og la deg freiste, det er ikkje vanskeleg å komme heim med tråd til nye, kjekke prosjekt etter å ha vore ein tur innom......;o)


Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

Lilla dør sa...

Så fin haren var. Du må nok lage ein til så han får selskap. Eg holder på med nummer to no. Den er sennepsfarga. Klem lilla dør

Sonja frå Sunnfjord sa...

Søt hare!
God søndag:-)

SNILLPIKE♥ sa...

Så herlig hare, pynter fint opp til påske den ja.

Fin mandag til deg.