torsdag 31. mai 2012

Eit einaste stort smil!!!


Kjekke venner + god service = GLEDE
Eg har fått grommaskina mi vel heim!

Ved hjelp av venneteneste vart maskina frakta trygt fram og tilbake og med god service frå Quiltekroken vart maskina ordna og fekk seg ein velfortent service og henta og bringa etter beste evne;o)

Tusen takk!


Gleda var stor i går kveld då eg kunne pakke den ut og sjølvsagt måtte eg sy litt.

Det vart ein god kveld og eg fekk gjort ferdig handsaumprosjektet mitt.

Eit nytt putetrekk har sett dagens lys. Handsaum på framsida.....





.... maskinsaum på baksida......;o) Ein glidelås i kontrastfarge og kantar i endå ein farge gjev fargeklattar til ei heller søt framside.....

Smilet er stort og humøret er på topp når eg no kan sy og kose meg med grommaskina mi.

Det meste litt til rette til ei kjekk syhelg;o) Eg skal berre pakke litt, skal tru kva eg skal ha med....


Eg har ein plan og skal lage klart til den, og elles kan eg kanskje ta fatt på nokre UFO' ar som har kome til i vår......  Kjekt blir det uansett!!


Gjer dagen din god!





8 kommentarer:

Ann Tove sa...

Kjekt å ha grommaskina i orden, ja. Puta er nydeleg, er alltid like imponert når eg ser slike handsaumprosjekt med so små bitar. Eg sjølv har lita tolmodigheit med saum med tynn nål. Du har virkeleg teken på dette. Ser ut som du får ei kjempehelg, kos deg.

Lilla dør sa...

Godt med gode hjelpere....kjekt å få maskina igjen..... kan eg tenke meg .Ha ei fin sy helg!!! Puta var kjempe stllig!!!! klem

Bente sa...

Godt du har fått maskina di tilbake.
Flott pute i fine fargar.
Kos deg i helga,den blir nok heilt topp ;-)

Edny sine puslerier sa...

Så fin puta blei, og ein tøff måte å lage bakstykke på;) No må du passe godt på maskina, og kose deg på systreff;)

merete sa...

Skrekken er å måtte sende maskinen å¨service, for da er det garantert noe jeg må ha den til, - typiskt, ikke sant?
Og så er jeg jo så avhengi av min maskin, for den kjenner jeg best.
Godt at du fikk den tilbake i tide, og at du hadde et prsojekt som lå klart til å ønske velkommen hjem igjen.

KariL sa...

Det var jommen det kjekt at du fekk maskina heim til helga. Gleder meg til vi skal på sytreff.
Puta var kjempesøt.

KariLklem:)

Svalen sa...

Godt du har fått maskinen tilbake med hjelp fra gode venner.
Flott pute!

God søndag:)

Unknown sa...

Flott pute! Glad for at symaskinen kom hjem til deg som vi avtalte :o)