Eg nyt i lange baner. Er ute heile dagen, enten på tur eller i hagen. Det er fantastisk godt.
Vi har grilla oss i gjennom veka, altså grilla middag. Vi har hatt det meste som ein kan grille, fisk, kjøtt skaldyr.
Ny grill har auka grillgleda hos min kjære, det er utruleg godt å lage marinade i mange variantar, grilloljer, salatar og tilbehør. Nye oppskrifter blir testa ut og det meste har smakt vedunderleg.
Ein av mine favorittar er dette som eg har hatt til lunch. Restar av kylling, og mange godsaker i salaten.
På ein vårtur til Bergen smakte eg ein utruleg god salat. Denne salaten har eg tenkt på mange gangar, og no har eg somla meg til å lage den heime. Den smakar like godt, a'la Solveig.....;o)Nam, nam....
Eg har og hekla, strikka og sydd, md hand saman ein ny kreasjon.
Denne gangen har eg brukt Lace frå Garnstudio, crème og raud i fargen.
Overdel og blonde vart laga, og sydd saman med eit sommarskjørt, og vips vart det ein ny kjole/tunika.
Den har bestått vasketesten og eg slapp ein lyserosa sommar....
Overdelen vart til med å plukke litt her, litt der og så ville eg ha den slik, og så trur eg at eg vil ha det slik....
Altså inspirert av mykje og sett saman, også dette, a'la Solveig.
Garnet er tynt i alpakka og silke, så eg satsar på at den også kan brukast i sommar, det er godt på kjølige dagar og til kvelden.
Blonden er hekla på underskjørtet. Eg tok utgangspunkt i eit mønster og så vart det endra litt, og tilpassa. Ja, ja set endar ofte slik når eg går i gang.... Det enda bra og skjørtet har fått lengre levetid....;o)
Pinsa er full av avtaler og glede. Vi skal både i barnedåp og i konfirmasjon, så ny kjole passar godt;o)
God Pinsehelg!
Gjer dagen din god!
6 kommentarer:
Det er deilig med sol og varme;) Så lett, fin og morsom den kjolen var då!
Jeg sitter her og beundre kreasjonen din som vitner stor kreativitet!
God pinse til deg!
Klem fra meg!
Så dyktig du er! Sommerkjolen ser lekker ut, det må ha vært mye jobb med overdelen.
Fortsatt god pinse:)
For ein nydeleg kjole du har laga. Flott kombinasjon med strikk, saum og ikkje minst den fine heklakanten nede. Vart skikkeleg inspirert. Ha ein fin maidag, og fortsatt god pinse.
Noe så vakkert! En kjole helt etter min smak! Var skjørtet slik fra før? En skikkelig herlig, frisk og litt romantisk sommerkjole! Veldig innspirerende å se :-)
Så flott den vart! Passar godt til fine sommardagar. Du er jammen kreativ :-)
Legg inn en kommentar