mandag 18. juni 2012

Sommarbroderusk



Nok ein gang er det ein broderuskpakke som har fenga meg...... Då denne kom i posten sist veke sette eg i gang så snart puta mi var ferdig.

Eg synes broderiet var koseleg og ville lage det med ein gang;o). Veska som broderiet var brukt til, fanga og interessa mi.

I går hadde eg ein kjekk dag på syrommet. Etter ein hektisk periode var det utruleg godt å berre ta seg inn att med lydbok og symaskina som selskap.


Eg pynta den litt ekstra med blonder og knappar. Idear kom til undervegs og måtte berre prøvast ut.

Blått er ikkje den fargen eg brukar mest. Sant å seie har eg nesten ikkje blå stoff i skuffene, det er derimot ganske mykje turkis......;o ) Men desse stoffa er nydelege og kanskje kan det snike seg inn meir blått, kven veit.....;o)

Denne blå veska skal eg fylle med broderi, tråd og utstyr slik at eg har det eg treng til ledige stunder.

Det er vel ikkje noko nytt at eg likar vesker og mapper til dei forskjellige handarbeida mine, og no har eg endå ei til sommarbroderi.


Det er heller ikkje tvil om kven si veske dette er ......

Eg plukka fram broderiet frå kurshelga i april og sydde namnelappen min på baksida. Det er no greitt i tilfelle det skulle vere mange slike vesker der eg skal vere.......;o )


Tusen takk for alle kommentarane eg får, det er kjekt å sjå at nokon tek seg tid til å legge att ein kommentar til meg. Det varmar og gjer det endå kjekkare å blogge.


Gjer dagen din god!


7 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Skjønner godt at du bar MÅtte sette deg ned og brodere det koselige broderirusket :o)
Og hvilken søt veske det ble - blått er egentlig min favoritt farge :o)
Ha en riktig fin uke.

Gudrun sa...

Väskan är ljuvlig. Jag blir riktigt lockad att sy den.
Trevlig midsommar.
Kram Gudrun

Barbros lille atelier sa...

Utrolig skjønt broderi! Og så fint det ble på den flotte vesken. Nydelige farger og stoffer!

Lilla dør sa...

Fine veske. Nydelig broderi likte godt at du har brukt farger i broderie utenom saumen. Kan du ta eit kort kurs i helga?:) Klem

Mona sa...

Så flott den blei. Har meldt meg av dette abb. Kjenner at jeg angrer litt akkurat nå, for det var kjempeflott. Klem

Anonym sa...

Den blei kjempeflott :)Eg er enig med Lilla dør , blir gjerne med på kort kurs i helga :)
Klem Laila

Ann Tove sa...

Du er utruleg flink med søm og brodering. Turkis er yndlingsfargen min,so denne falt i smak kan du tru. Veska er kjempefin.