torsdag 7. juni 2012

Sommarprinsesse!


Veslegullet er 8 år i dag;o)

Forventningane har vore store, og nedteljing til den store dagen har vi og vore innom.

Det er godt å sjå kor ungar kan glede seg og ha forventningar til bursdagar og andre gleder. Det er og godt å sjå at dei kan nyte det og glede seg over å få vere i sentrum for ein dag.

I klassa til veslegullet er det tre stykke som kan sole seg i glansen i dag.


Dagen starta med frukost på senga med pannekaker, kakao, song, (og ja, .... det var solo av underteikna....) og sist men ikkje minst presangar.

Ho vakna tidleg, men var så trøtt at ho måtte legge seg att, og då kunne vi 4 andre kunne bu oss og lage til og gjere stas på ho på morgonkvisten..... Ho er og vil bli veslegullet vårt same kor mange år som kjem til.....

Prinsessekjolen vart ferdig og kunne pakkast opp i dag slik at ho kunne vere sommarprinsesse på bursdagen sin.

Den har hekla topp, i skjell-mønster.

Eit tynt, mjukt og fint bomullsstoff med broderte blomar på til skjørtet.

Det er lagt dobbelt for å få ein mjuk kant og når det ligg dobbelt er det heller ikkje gjennomskinleg......;o) Det er rynka slik at det passar overdelen.

Rosepynten er laga av kanten på stoffet, den rynka saman og sydd fast, dekorativ og enkel;o)

Eg trur den vil vere god på varme sommardagar, som vi tenkjer det skal bli mange av no framover!;o)



Heilt sidan eg laga denne har ho lurt på når ho kunne få ein slik kjole......

Eg har blitt minna på det med jamne mellomrom og av og til er det lang ventetid, men den som ventar på noko godt..... og så vidare....

No kan ho i alle fall nyte sommaren i ein lett og luftig kjole.

8 års-dagen skal nytast og feirast i fleire dagar.

Dagens kake er i omnen og morgondagen si feiring er godt planlagd, då skal vi gjere stas på alle tre bursdagsbarna saman med klassekameratar. Det blir kjekt!


Gjer dagen din god!


2 kommentarer:

Anonym sa...

Nyyydelig kjole til ei nydelig jente!
Du må gratulere ho med dagen frå meg :) Klem Laila

Lilla dør sa...

Kjempe fine kjole..... Du må gratulere prinsessa med dagen og seie ho var kjempe fine. klem