mandag 23. juli 2012

Borte bra,......

Så kom vi heim att til skikkeleg vestlandsveir! Vi landa på mange måtar i Bergen i går kveld....

 

Då er det godt å ha hatt 14 dagar med sommar, sol og varme, og mange gode minner og bilete med sol på...

 

Å køyre heim frå Bergen i natt var ei utfordring, men min kjære er ein dyktig sjåfør så vi kom oss vel heim. Etter å ha sove leeeeeenge har dagen vort brukt til å pakke ut og oppdatering på mange områder....

Om litt er eg klar til litt handarbeid, mellom klevask og matlaging. Alt vil gå i langsomt ferie tempo i dag. Å vere på reis frå kl 9.30 til kl 3.00 gjer at ein er litt trøtt dagen etterpå....

Det vart nokre forseinkingar i flyavgangane når vi nærma oss heimlandet. Men no er vi heime og det var godt å vakne i eiga seng i dag;o)

 

Gjer dagen din god!

 

2 kommentarer:

Ann Tove sa...

Velkommen heim frå tur. Mange fine bilder frå turen. Ja, det må vere lov med sakte tempo etter ei slik lang reise. Eg er behynt på andre arbeidsveka mi etter ferien. Nyt dagane vidare uansett veir, kjenner eg deg rett finn du alltids på noko kreativt :)

Eli sa...

Så Mange fine, koselege bilder. Kjekt å sjå, så tenkjer eg med lengsel til september... Sol og varme ikkje så langt unna Montenegro..