onsdag 25. juli 2012

Pulsvarmerdraum...


Tidleg i år kom Mollie Makes ut med denne freistande framsida...... Eg forelska meg nok ein gang;o)




Eg fekk kjøpt bladet og så starta jakta på rette garnet og dei perfekte fargane!

Eg har prøvd mange forskjellige og forkasta dei etterkvart.

Så ein dag var eg innom Ullrommet, der Ingeborg viste fram garn ho nett hadde farga. Nokre e-postar seinare var garn på veg til meg.

Eit nydeleg, mjukt garn! Eg meiner det er ei blanding av kashmir og silke, om det er feil håpar eg Ingeborg skriv kva det er.....;o)

Ho farga det i ein nydeleg sennepsgul farge, nett slik eg ville ha den.

Kontrasttråden fann eg på min lokale garnbutikk, eit eldorado med eit stort utval tråd, mønster og utstyr.






På turane mine til Jæren og Montenegro har dette vore handarbeidet. Greitt og snautt å ha med i handbagasjen til flyreisene.

No er dei altså ferdige og eg droppar sløyfepynten synes dei er nok pynt i seg sjølv. Mjuke, gode og rett og slett nett passelege til meg.




Eg har enno meir att av den gode tråden frå Ingeborg, og ein plan......

Gjer dagen din god!


2 kommentarer:

Edny sine puslerier sa...

Disse både pynter og frisker opp;)
Fine og artige;)

Lilla dør sa...

Så fine dei vart. Du er goè. ha ein fin sommer forsatt. klem