lørdag 28. juli 2012

Variasjon over tema......

Eg likar variasjon;o) på mange områder...., men ikkje alle.... på handarbeidsfronten blir det heilt naturleg variasjon.....

Det er fordi det er så mykje som freistar. Eg finn så mykje eg vil prøve å lage, og av og til kjem idear og inspirasjon heilt av seg sjølv..... Det kan komme av det meste, ein farge, eit grafisk mønster, ein tur, i møte med nokon eller noko.... Det er godt at det kan vere slik!

I sommar har det vore litt forskjellig handarbeidet, og her er eit lite utval...

Desse rosende er hekla i eit lingarn, eit melert garn. Det snopa eg på turen til Jæren. Rosende skal vere pynt på ei jakke eg har kjøpt meg, som eg ville endre litt på......

Dei minste rosene er hekla etter mønster frå bladet Mollie Makes, den store er etter mønster som Lilla dør har hatt på sin blogg.

 

Saumen er eit prosjekt til quiltegruppa eg er med i. Dette er berre ein sniktitt, det vil komme meir etterkvart.....;o)

 

Strikket er ei jakke eg har putla på med i sommar. Eg har plundra litt med mønsteret, så den har blitt lagt vekk og teke fram att. Det er ei jakke som blir til etterkvart som eg strikkar..... Altså nok eit prosjekt utan mønster. Men eg trur og håpar det endar godt! ;o)

Fargen er frisk og fin og passar godt til sommarbrun hud, så eg håpar eg får den ferdig snart..... Den er med på helgetur, så det er potensiale for litt framgang denne helga......;o)

 

Gjer dagen din god!

 

 

2 kommentarer:

Edny sine puslerier sa...

Det er ikkje alle som både har sydd, hekla og strikka i sommar. Dette blir nok fine ting;)

Lilla dør sa...

Spennande å se kva det blir når du er ferdig med det du holder på med:). Kjempe fine farger. Kjekt å gjere litt av kvart.....vi er nok like der.