tirsdag 28. august 2012

Ein god start....


Sist veke starta vi opp haustsesongen på Kreativiteten.

Unni og Eli, (begge utan blogg....) hadde laga til ein fabelaktig aktivitet. Vi kom til duk og dekka bord!

Temaet var Stitcheri. Dei hadde teke seg bryet med å kutte stoffa, teikna motivet og stroke vliseline på baksida!

For oss var det berre å velje kva stoff vi ville ha, ikkje mindre enn tre typar kunne vi velje av, fargelegge og starte å brodere!

Det var mange flotte fargar å velje i, både i tråd og fargestifter.



Vi broderte og sludra til det var til for kaffipause med noko attåt, mmmmm frukt og ei vedunderleg kake, som vi håpar å få oppskrifta på...... ;o)

Mønsteret dei hadde valt å bruke kan du finn her. Ho har fleire motiv som ein fritt kan bruke.

Tusen takk til Unni og Eli som hadde laga til ein flott kveld, det er godt å tenke på at vi har fleire kjekke kveldar på bua framover hausten og vinteren. Det må bli bra etter ein slik flott start!

Mitt vart (som vanleg...)fargerik! Eg er visst inne i ein periode med mange, gode fargar.....

Dette er litt av sommarblomane eg har plukka inn i sommar.  Dei har vore til glede både ute i krukkene og inne i vaser.....



Eg trur eg veit kva eg skal bruke motivet til…., det må jo berre bli ei mappe til småting........ Men korleis den blir, det vil vise seg.

Eg har mange idear eg har lyst å prøve ut, men kjem liksom ikkje i gang med anna enn Stitcheri og strikk for tida. Er det fleire som har det slik?

I morgon har eg ein dag heilt utan planar, kanskje kan den brukast på syrommet.......

Gjer dagen din god!

 

2 kommentarer:

Rita sa...

Ja, jeg har det slik. Kommer ikke i gang med noen ting :)
Kjempefint ble stitcheriet ditt.

Sonja frå Sunnfjord sa...

Fint motiv! Synest du hadde valgt flotte fargar:)