fredag 24. august 2012

Psssssst.....


Jau, eg er her;o)

Det har vore travle dagar i det siste. Det er som det brukar vere mot slutten av august, ved skulestart.

Det er mange ting som skal på plass både før og etter skulestart. Aktivitetar som startar opp ved skulestart både for store og små.

Det har og vore litt ekstra i år, med eldstegullet si flytting på hybel og ny skule. I tillegg til ei triveleg helg saman med kjekke, kreative damer.


Denne veska var med meg på kurs, halv-ferdig... Det er greitt å ha dei slik for enkelt å vise teknikkar og anna i kurssamanheng.

Eg likar å endre og prøve nye teknikkar i staden for å lage to like. Slik vart det denne gangen og.

Det er broderi, fargelegging, glidelås og lomme i veska. Det var det ikkje på kursmodellen.

Ein anna vri på hjertene vart det og denne gangen. Det var ein ny ide som måtte prøvast ut.....

Det er kjekt å ha den ferdig..

Kanskje blir det fleire kurs i denne veska, om nokon vil ha det..... kven veit;o)

Det er og kjekt å lage den i andre fargar og stoff.
Ja, du veit, forandring fryder.....;o)


Eg har og brodert siste stinget på alvebroderiet mitt. Det er både godt og litt vemodig... Det er oktober-utgåva av broderiet.

….godt fordi nokre av broderia har mange detaljar og mykje arbeid. Det har teke tid å brodere dei, og dei er flotte!

....vemodig fordi det har vore kjekt å halde på med, og no er det slutt på dette tema....

Eg har fleire kjekke broderi som eg har tenkt å brodere.... Eg starta på eit nytt i går kveld, men det er ei anna historie og kjem ein anna dag....

Det blir og kjekt å kunne sette dei saman til eit teppe. Eg har fått 3 stoff i kvar pakke, stoff som passar til fargane i broderia. Det skal bli kjekt å pusle det saman til eit teppe.

 

Det vil nok ta tid å finne ut korleis eg vil ha det, korleis eg skal sette saman bitane, fargane m.m.

Det skal teiknast, modne litt, så kjem det gjerne nye idear som skal teiknast og modne, og kanskje endå fleire.... Altså er det framleis mange gode stunder med dette arbeidet.


 Her ein liten stemningsrapport med dette broderiet.

Ei god stund ved kjøkkenbordet. Kaffi i koppen, levande lys og vakker utsikt, som de har sett så mang ein gang, berre eg løfter blikket og ser ut vindauget...... 

Gjer dagen din god!

 

Ingen kommentarer: