mandag 6. august 2012

Sommartur




Det er kjekt med sommardagar og turar. Sist veke var eg på tur i øyane utanfor Florø, nærare bestemt Barekstad. Solskin, gode vener og båttur gav ein flott dag.









Vi vart møtt på kaia og vandra det vesle stykket til denne flotte plassen.

Eg trur det er godt det er  to snekkarar i familien... og at heile familien er med på arbeidet med å pusse opp husa.





Det ligg flott til og er eit paradis, endå flottare blir det når dei er ferdig med oppussinga.

Det er eit typisk vestlandshus med soverom oppe, to stover, kjøkken, spiskammers, gang og bad nede. Småruta glas og fine gamle møblar.







Tenk å vere ute og nyte denne utsikta ein vakker sommardag, eller sjå på vêret ein haust eller vårdag. Det er balsam for sjela.

Hav, himmel, holmar, skjær, skyer og sol. Då har ein alltid noko å la blikket kvile på og ein får ro i sinnet og kroppen.


Dette flotte steingjerdet passerte vi på turen. Det er ikkje berre på Jæren dei har slike...








Vi fekk nyte god mat, godt selskap og litt handarbeid attåt. God prat, latter og gode historier gjorde at timane rasa av garde.



Alt har ein ende, og vi måtte ta til på heimvegen... Ute vart vi møtte av dette synet ... vakkert! Det vart ei trolsk stemning når eg fanga det med kameralinsa....






Etter ein liten halvtime med hurtigbåt og flott skyss heim att, vart eg møtt av denne utsikta og den flotte dagen fekk ein vakker avslutning.


Gjer dagen din god!


4 kommentarer:

Lilla dør sa...

Ein fantastisk flott plass! Eg og fekk besøk dei i sommar. Gler meg allerede til neste gang. Klem

Anonym sa...

Ja der er virkelig flott , ei kjempeflott utsikt :) Kjekt å ha dokke på besøk , håper det kan gjenta seg. Det gjeld også Lilla dør :)
Klem Laila

Grethe sa...

Her var det mange nydelige steder. Takk for titten.
Fra Grethe

rett og vrang sa...

Her var det mye fint,gitt!Likte godt den bokmerkeideen!Ha en super søndag!Synnøve