mandag 3. september 2012

Ein gylden mogelegheit.....




 


Eg er ganske god til å nytte kvar anledning eg kan til kreative krumspring....

No når eldstegullet er på hybel er det jo litt av kvart ho treng. Slikt som vi tidlegare har delt på må vi no naturlegvis ha to av...... Det gjev meg gylne mogelegheiter til f.eks. å sy litt......

Nei, det er inga åme…..

….. Denne gangen var det ein varmepose/pute....

Den er genial! God til å ha på stive nakke-/skuldermusklar, varme seg på, legge på ein mage som verker.... m.m.


Det er ei innerpute fylt med 2 kg heile kveitekorn, ris kan og brukast. Eit putetrekk som fell i smak hos mottakar.... Det gjorde dette!!!

Varm den i mikrobølgjeomn i 3-5 min og legg den til rette der det trengs.... Evt kan den varmast i komfyren, kor lenge veit eg ikkje då eg brukar mikro, lett og greitt.....

Den varmar godt stive musklar. Ofte er det nok, av og til må det massasje til i etterkant.....

Gjer dagen din god!

 

Ingen kommentarer: