tirsdag 18. september 2012

Haust


Det er ingen tvil om at det er haust, men i staden for å synes det er trasig har vi brukt helga på å glede oss over hausten sine vakre fargar og blada sine mange former.

Vi har og kosa oss med å sy paraplyar og støvlar......







... vi har måla og stempla og sydd haustdama.

Ugler og tre har heller ikkje fått kvile denne helga. Så i fare for å gjenta med sjølv, nok ein gang.....

.....Kari/Lilla dør er og blir eit oppkome av idear, kreativitet, smil og lune kommentarar!







Det et utruleg kjekt å vere på kurs og la seg inspirere av henne!

Det er berre å prøve og du vil kunne glede deg heile helga og fortsette å sy og kose deg i mange dagar, ja kanskje veker etterpå...







Her er ei oversikt over kva 9 damer fekk ut av helga. Her er nokre ferdige produkt, nokre nesten ferdige og nokre som har fått ein god start!

Er det ikkje mykje flott?? Fire damer har fått kjole, og gode utrykk og pynt som seg hør og bør....





Flotte bilete og løparar med støvlar, vassdammar og flotte fargerike paraplyar.

Haustblad i alle slags variantar og nydelege fargar.

Ugler, både små og store har og sett dagens lys, ...det er visst ikkje berre eg som likar dei....





Idear svirrar så eg trur det kjem til å komme mykje meir, inspirert av denne helga.

Eg har sjølv nokre idear som surrar medan eg gjer ferdig dei tinga eg starta på i helga.

Det er kjekt med slike helgar saman med glade, produktive, inspirerande damer.


Vi hadde og besøk av Svalen, som hadde teke turen frå Kråkenes for å vere saman med oss.
Håpar ho synes det var kjekt å vere på kurs i Florø. Vi sette i vert fall stor pris på at ho ville vere saman med oss. Ta gjerne turen innom ho, du finn ho her.

Som sagt kosar eg meg med å gjere ferdig ting eg starta på i helga, samtidig som nye idear tek form....

Turar i skog og mark må og til, for å sanke inspirajon og fine former;0)

.....etterpå er det ekstra kjekt å komme inn att i varmen og til nye stunder med handarbeid.



Gjer dagen din god!

7 kommentarer:

Svalen sa...

Hei.
Det var bare så utrolig kjekt å få være sammen med dere, svever fremdeles oppe i skyene:)
Dere er så dyktige, så flinke til å sette sammen farger,noe som viser igjen på bildene du har blogget.
Gøy å se igjen:)

Hils så mye til gjengen:)

Anonym sa...

Åh, hausten er så fiiiin! :D

Plutseleg, når eg såg øverste bilete ditt med rognebæra, så kom eg på at det sikkert vert ein vakker haustbukett å plukke inn nokre greiner med bær og setje i ein vase :D

Takk for inspirasjonen!

2ne sa...

Mange flotte prosdukter her. Høsten er en koselig tid - med lekre farger og fine mørke kvelder for hobbykos.

Lilla dør sa...

Takk for jille helg:) gler meg til neste treff med dokke. Takk for mykje go'e omtale det varmer. Har kjøpt Hexa garn no, klar for lang flyreise:) klem

Maret sa...

Takk til deg og, du er ei god støtte å ha for oss som ikkje er fullbefarne....

Bestemor Drillo sa...

Så masse flott ! Dere er så flinke!

Anne sa...

Du er godt nok dygtig til den slags. Er imponeret