lørdag 22. september 2012

Same tema.....


Eg har ikkje heilt gitt meg med hausten....

Her er nokre blad som kan brukast som brikke eller mug rug.

Dei er flotte på bordet med nokre telys på. Det blir skikkeleg innekos. Eg har valt å bruke lune haustfargar.

Ideen og mønster til desse hadde Lilla dør med på kurset.



Her har eg leika meg litt og laga haustblad på min måte.....

Vrangsydde og knappa på stilken. Kan varierast på mange måtar.

Har eg mange i same storleik kan eg variere og sette dei saman alt etter kva farge eg vil ha på blada....





Dei er kjekke å sy og dekorative i seg sjølv. 

Bladet fekk eg frå Kari, så har eg omarbeidd det litt og gjort det på min måte…..

Trur det blir laga nokre fleire av desse, eg har nokre fleire fargekombinasjonar eg vil prøve ut....






Eg har og pusla med litt broderi.

Dette hjertet er no ferdig brodert og skal brukast til pynt;o) det kjem meir om et seinare....

Her er det overflod av lilla blomar, kjekke å brodere og inspirert av dette mønsteret.






Mønsteret på denne fuglen kom i posten sist helg. Den er flott og nokre nydelege stoff og fargar var med i pakken. 
Det er det Wenche sine strekar....

Den framtidige eigaren er funnen... Den skal berre gjerast ferdig.....







Her i Florø er det nydelege haustdagar med solskin!!!

Det har vi venta lenge på og vi skal nyte kvar ein solstråle! Dei vakre haustblada blir endå flottare i solskin;o)

Takk for mange kjekke kommentarar!


Gjer dagen din god!

 

2 kommentarer:

Maret sa...

Flott og fargerikt...

Bea sa...

Åh, så mykje flott du har føre deg! :)

Det hjerte med dei lilla blomane er berre heilt fantastisk! Gler meg virkeleg til å sjå kva det vert til :)

Tusen takk for masse fine kommentarar på bloggen min! Snakkast, snart! ;)