fredag 16. november 2012

Mysterie III og litt til.....

Eit steg vidare. I dag har eg sydd endå nokre saumar, sortert bitane og merka bunkane, nett slik oppskrifta seier. Flink pike.....

To strimlar og to kvadrat så langt, skal tru kva det skal bli.... Spisebrikker, puter, gedigne gryteklutar eller løper..... Spennande!

 

Eg har og pusla med blyant og papir. Utgangspunktet var englar, men så kom det og ein elefant som berre ville bli laga....;0)

Eit bokomslag i lin med ein grøn elefant på framsida, og ein teikna med maskina på baksida.... Kjekt å lage, og kanskje kjem det fleire ting med den på;0)

 

....Denne vesle karen gjorde til at eg vart utfordra til og å lage ein isbjørn..... Det vart nokre stykker, enno berre som skisser på papiret.... Men ideene har starta å ta form.....

 

I morgon er det duka for julemesse. Tradisjonen tru er damene i Florø Husflidslag i sving att. Eg vil tru at det er omtrent 50 utstillarar/selgarar i sving både i morgon og på søndag. I tillegg til dugnadsgjengen i laget....

Då er det mogeleg å finne kjekke julegåver hos utstillarane, og vinne flotte premiar både på loddbok og på åresal. Blant anna er dette teppet ein av gevinstane på loddboka......

Ta gjerne turen til Florø samfunnshus, eg skal dit, kanskje ser eg deg der?

 

Gjer dagen din god!

 

6 kommentarer:

Laila sa...

Spreke stoff du har valt på julegåta di. Eg har verkeleg ingen idè om kva dette endar i, men det er jo litt av sjarmen med slike gåter - ikkje sant?

Sonja frå Sunnfjord sa...

Fin fargekombinasjon på prosjektet ditt!
Det var jammen ein fin gevinst, det hjerteteppet:)

Bea sa...

ELEFANT!! Ein grøn ein.. Åh, eg er reint misunneleg, hehe.. ;)

Gler meg til messa i morgon, og er utruleg spent på kven som vinn teppet. Det er berre heilt nydeleg! Vi sjåast!

merete sa...

det begynner å bli noe, ser jeg ;-)

strektegning på maskin, - så kult! jeg er spent på isbjørnen. det ser ut til å være mange fine versjoner der.

ha en fin dag på messa!

STEINKJERRINGA sa...

Så mye fint. Det lilla teppet blir kult.. Ha en fin helg!

Garnhekta sa...

Det er morsomt å løse mysteriene til Merete. De er overkommelige i en førjulstid. Dette har jeg vært med på. Nå ligger den foran meg på bordet her.
Elefanten var aldeles herlig. Den må da kunne brukes til masse forskjellig.