onsdag 4. november 2009

Hauglandssenteret



Så er eg på plass og har helst på mange, eg hugsar nok ikkje så mange namn.... Eg har hatt to møter og er teke godt i mot. Det skal bli spennande å sjå kva, og kor mykje eg kan få ut av dette opphaldet

Eg har gått ein liten tur ut på to holmar, eg har utsikt til den eine holmen frå rommet mitt. Det var idyllisk der ute med bruer ut til den eine holmen og vidare ei bru mellom dei . Det er laga til for fleire aktivitetar der ute, eg såg ein bålplass, ein aktivitetsplass med bla. slenger og balansestokk, skytebane og benkar på kaiene.




 Eg likar godt bruene med benkar der ein kan sette seg ned, la auga kvile på vatnet og la tankane flyge når det er behov for det.








Senteret ligg idyllisk til ved fjorden og her er mange mogelegheiter for fysisk aktivitet både inne og ute.


Kveldane blir nok brukt til handarbeid, blogging og lydbøker og å lese bøker. Eg får nok god tid til både trening, avslapping og la tankane flyge for alt er tilrettelagt på beste måte. Alle måltid er i matsalen, då har ein kontakt med og kan bli kjend med andre som av forskjellige årsaker har opphald her.

Ha ein fin kveld!