søndag 10. juni 2012

Sommarfryd


Er det noko sak? ..... når ein berre kan blade opp i div bakebøker og "velje fritt frå øvste hylle".... når ein er 8 år og skal feire bursdag saman med klassekameratar.....

Ikkje når ein har ei supergod storesyster som er VELDIG glad i å bake og gjerne prøver seg på nye oppskrifter og kakepynting vi andre berre drøymer om.....




Så dette har vi kunne meske oss med i helga;o) og feira i stor stil.

Prikken over i'en er at sommaren har kome tilbake så vi har vore ute mesteparten av helga.

I dag på fotballturnering der veslegullet har spelt kamp etter kamp og mellomste la seg tiltrette i sola med ei bok og slappa godt av....



Vi foreldre kosa oss i sola og heia på våre håpefulle..... Det går godt på slike sommardagar.


I går fann eg solkroken og kosa meg med sommar fargar.

.......Først på neglene og litt etter litt kom det farge på huda og..... 


 ..... til og med fargen på strikket matchar.

Saman med kaffi i koppen og P1 på radioen var det i grunnen ganske enkelt å nyte stunda......;o)


Eg har snopa eit herleg garn i bomull - knall oransje!


Det blir tøft, det er eg siker på. Mønsteret blir til medan eg strikkar......

..........så eg dragsar det med meg rundt om kring og strikkar litt no og litt då.

I dag var det tidtrøyte mellom kampane til veslegullet. Eg trur og håpar det blir bra;o )  Så langt er det godt;o)

Jepp!, vi er veldig glade i sommaren vi har no, og nyt den til fulle.

Dagane og kveldane tilbringar vi ute. Vi er heldige som kan nyte det og det gjer godt!

Gjer dagen din god!


4 kommentarer:

Lilla dør sa...

Kakene såg spennande ut. Kan tenke meg dei vart populere i 8 års selskapet. Du må helse bakeren å seia at ho er goé. Spennande med det nye strikket ditt. Her på Jæren nyte me sommerdagane og. klem

Rita sa...

Det så deilig ut med glade sommertær og sprekt strikketøy i sola :)
Kaka med kvikklunsj rundt så jo bare digg ut.
Ha en super uke !

銀行汽車貸款0800772999 sa...

可貸車價150%‎
銀行二胎代墊
周轉
低利貸款買車
汽車貸款首選
車貸線上客服
利率
全方位貸款
分期償還

做愛 sa...

好車貸汽車貸款
車貸財理通‎
個人信用線上查詢
信貸
汽車高利換低息‎
銀行汽車貸款72期還款
銀行中古購車貸款
銀行二胎房貸
汽車銀行增貸