Viser innlegg med etiketten Uteliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Uteliv. Vis alle innlegg

mandag 6. august 2012

Sommartur




Det er kjekt med sommardagar og turar. Sist veke var eg på tur i øyane utanfor Florø, nærare bestemt Barekstad. Solskin, gode vener og båttur gav ein flott dag.









Vi vart møtt på kaia og vandra det vesle stykket til denne flotte plassen.

Eg trur det er godt det er  to snekkarar i familien... og at heile familien er med på arbeidet med å pusse opp husa.





Det ligg flott til og er eit paradis, endå flottare blir det når dei er ferdig med oppussinga.

Det er eit typisk vestlandshus med soverom oppe, to stover, kjøkken, spiskammers, gang og bad nede. Småruta glas og fine gamle møblar.







Tenk å vere ute og nyte denne utsikta ein vakker sommardag, eller sjå på vêret ein haust eller vårdag. Det er balsam for sjela.

Hav, himmel, holmar, skjær, skyer og sol. Då har ein alltid noko å la blikket kvile på og ein får ro i sinnet og kroppen.


Dette flotte steingjerdet passerte vi på turen. Det er ikkje berre på Jæren dei har slike...








Vi fekk nyte god mat, godt selskap og litt handarbeid attåt. God prat, latter og gode historier gjorde at timane rasa av garde.



Alt har ein ende, og vi måtte ta til på heimvegen... Ute vart vi møtte av dette synet ... vakkert! Det vart ei trolsk stemning når eg fanga det med kameralinsa....






Etter ein liten halvtime med hurtigbåt og flott skyss heim att, vart eg møtt av denne utsikta og den flotte dagen fekk ein vakker avslutning.


Gjer dagen din god!


onsdag 18. juli 2012

God jul(i)

 

Her er det varmt og godt. Vi kosar oss framleis med utflukter, bading, strandliv, og solkrem i bøtter og spann....

 

 

 

Blogging er begrensa, men i kveld er vi innom ein restaurant med dekning;o) Dvs at eg er litt utanfor dekning hos mine kjære, ei lita stund.......

 

 

 

Alvebroderiet for desember er ferdig og oktober ligg klart....

 

 

 

Vi trivast og nyt livet!

 

Gjer dagen din god!




 

fredag 6. juli 2012

SOMMARFRYD

 

 

Vi nyt sommaren og trenar oss på ferietur som vil innehalde sol, varme, bading, handarbeid og gode bøker...

 

Det siste gjeld nok i første rekkje meg....

Rett og slett sommarkos saman med mine kjære;o)

 

Gjer dagen din god!

 

søndag 1. juli 2012

Blomefryd


Turen sist helg gav mykje, som de har sett av dei siste innlegga mine. Meir vil nok komme etter kvart;o)

Det er mykje inspirasjon som skal fordøyast. Noko må prøvast med ein gang og noko er gøymt og skal takast fram når det har modna.... Huff dette høyrdes alvorleg ut.... Ja, ja det er no berre til fryd og glede!


I dag vil eg dele noko av det vi opplevde sist søndag. Temaet er blomar. Vi var på besøk på dette gartneriet og for ei oppleving!!

Berre sjå på kor flott det er rundt parkeringsplassen! (det første biletet....) Ein god start på besøket!



Her var det blomar,fargar, bær og grønsaker for ein kvar smak,

.....tenk å kunne ha noko slikt i sitt nærmiljø......


Då hadde det vore fullt i alle krukker og bed i min hage.....;o) 

Det ville vore vanskelg å velge, så eg hadde plukka med meg mykje.....

Men eg fekk med meg to nydelege blomar heim....

.... av denne sorten.

Det var mange flotte fargar, nyansar og fargespel å velge mellom!

Det gjekk  greitt å ha dei som handbagasje, vi var litt i stuss på om vi fekk dei med oss....;o)



Eg hadde med fotoapparatet og knipsa i veg.

....I flg. Laila var eg både høgt og lavt og kraup nesten rundt....



Ja, ja eg fekk og nokre flotte blinkskot som eg skal bruke seinare.

Sjå kor vakkert den lyser opp!



Eg tenkjer meg at eg skal skive ut nokre av bileta på stoff og lage fine minner og gleder.

Desse motiva kan brukast på mange prosjekt....



Det er ei fryd å kunne vandre rundt i ein slik oase.

Naturen er finurleg og gjev oss mykje vakkert å oppleve å sjå på!

Berre vi tek oss tid til å sjå etter......


Det er så mange flotte blomar og motiv så det er vanskeleg å velje. Difor er det mange bilete i dag.....

Tenk å bruke dette som det er, eller bruke motivet til stitcheri.....

Eg får og vatn i munnen av å sjå på det.....

Eg er sikker på at det smakar vedunderleg......



Ein blir i godt humør av å sjå på alle dei vakre mønstra og fargane.

Det er inspirerande og ein får lyst til å skape noko bruke fargar, mykje fargar!

Desse er berre utruleg vakre!!!


Også på veg ut fekk eg eit nydeleg blinkskot.

Eit vakkert motiv i mine auge.

Det skal i vert fall brukast! Eg har allereie nokre idear.....






Også heime i hagen hos Lilla dør er det eit eldorado av blomar og flotte miljø.

Det var inpirerande å gå på vanding eller berre sitte og lag auga vandre....

Denne blomen var spesielt vakker! Saman med mine nye pulsvarmarar vart det ein fin kombinasjon......



Allereie i starten av turen, i det vi kom ut av ankomsthallen kunne vi la oss overvelde.

Dette var noko med det første vi fekk auga på.


Vakkert!

"overflod" kan og vere vakkert.....


På ein grå og regntung søndag er det kjekt å kunne kikke på desse vakre blomane.



Då kjem inspirasjonen krypande og lysta til å skape noko. Skal tru kva det blir i dag.....;o)

Dette motivet er og henta frå hagen til Lilla dør.

Det er stemingsfult og viser at ein grå og disig dag og er vakker.....



Gjer dagen din god!

søndag 10. juni 2012

Sommarfryd


Er det noko sak? ..... når ein berre kan blade opp i div bakebøker og "velje fritt frå øvste hylle".... når ein er 8 år og skal feire bursdag saman med klassekameratar.....

Ikkje når ein har ei supergod storesyster som er VELDIG glad i å bake og gjerne prøver seg på nye oppskrifter og kakepynting vi andre berre drøymer om.....




Så dette har vi kunne meske oss med i helga;o) og feira i stor stil.

Prikken over i'en er at sommaren har kome tilbake så vi har vore ute mesteparten av helga.

I dag på fotballturnering der veslegullet har spelt kamp etter kamp og mellomste la seg tiltrette i sola med ei bok og slappa godt av....



Vi foreldre kosa oss i sola og heia på våre håpefulle..... Det går godt på slike sommardagar.


I går fann eg solkroken og kosa meg med sommar fargar.

.......Først på neglene og litt etter litt kom det farge på huda og..... 


 ..... til og med fargen på strikket matchar.

Saman med kaffi i koppen og P1 på radioen var det i grunnen ganske enkelt å nyte stunda......;o)


Eg har snopa eit herleg garn i bomull - knall oransje!


Det blir tøft, det er eg siker på. Mønsteret blir til medan eg strikkar......

..........så eg dragsar det med meg rundt om kring og strikkar litt no og litt då.

I dag var det tidtrøyte mellom kampane til veslegullet. Eg trur og håpar det blir bra;o )  Så langt er det godt;o)

Jepp!, vi er veldig glade i sommaren vi har no, og nyt den til fulle.

Dagane og kveldane tilbringar vi ute. Vi er heldige som kan nyte det og det gjer godt!

Gjer dagen din god!


tirsdag 29. mai 2012

Klar til det meste.....;o)


Dei siste dagane har vore gode, varme og solrike. Det meste går lettare når vi har sol og sommar.

Tenk å sleppe kle på seg lag på lag med klede. Kunne stikke ein tur i skogen, lettkledd og med joggesko eller trippe på skulen i sommarklede og lett og ledig springe eller klatre rundt.

Vere ute i hagen med ei god bok eller handarbeid eller med lydbok på øyret. Sjå kor det veks og blir grønt og frodig att. Åhhh måtte det vare, eller kome att, då tenkjer eg på varmen.

Eg har no sikra meg då, med ei ny varm jakke. Varm i fargen og mjuk og lun til kjøligare dagar og kveldar.


Mønsteret eit gratismønster som eg har gøymt på ei stund. Både mønsteret og forma på jakka passar meg, og passar ypperleg til bil/fjernsynsstrikk. For tida er det då eg strikkar..... Litt endringar vart det, som vanleg. Denne gangen var det berre lengda eg endra på....

Tråden er Lerke frå Dale garn. "Garnbutikken min";o) hadde sal på nokre garntypar og eg sikra meg tråd til to jakker og ein overdel til ein prinsessekjole.

Klart at eg ville hjelpe til å rydde plass….. Eg let meg lett freiste og mønster og idear har eg nok av!

Heklekanten rundt jakka pynta nett passeleg.


Den første jakka er altså ferdig, toppen til prinsessekjolen er snart klar og jakke nr to kjem nok, om ei stund......;o )

Eg har prøvd jakka i dag og funne ut at den kan passe som heilårsjakke.....;o)

Sola skin, men det er friskt ute og ei lun jakke er tingen;o)

... så eg er klar til det meste......;o)



Gjer dagen din god!

fredag 25. mai 2012

Sommarrapport....

Nydelege dagar, varme gode og solrike.

Eg nyt i lange baner. Er ute heile dagen, enten på tur eller i hagen. Det er fantastisk godt.

Vi har grilla oss i gjennom veka, altså grilla middag. Vi har hatt det meste som ein kan grille, fisk, kjøtt skaldyr.

Ny grill har auka grillgleda hos min kjære, det er utruleg godt å lage marinade i mange variantar, grilloljer, salatar og tilbehør. Nye oppskrifter blir testa ut og det meste har smakt vedunderleg.



Ein av mine favorittar er dette som eg har hatt til lunch. Restar av kylling, og mange godsaker i salaten.

På ein vårtur til Bergen smakte eg ein utruleg god salat. Denne salaten har eg tenkt på mange gangar, og no har eg somla meg til å lage den heime. Den smakar like godt, a'la Solveig.....;o)Nam, nam....




Eg har og hekla, strikka og sydd, md hand saman ein ny kreasjon.

Denne gangen har eg brukt Lace frå Garnstudio, crème og raud i fargen.

Overdel og blonde vart laga, og sydd saman med eit sommarskjørt, og vips vart det ein ny kjole/tunika.


Den har bestått vasketesten og eg slapp ein lyserosa sommar....









Overdelen vart til med å plukke litt her, litt der og så ville eg ha den slik, og så trur eg at eg vil ha det slik....

Altså inspirert av mykje og sett saman, også dette, a'la Solveig.

Garnet er tynt i alpakka og silke, så eg satsar på at den også kan brukast i sommar, det er godt på kjølige dagar og til kvelden.



Blonden er hekla på underskjørtet. Eg tok utgangspunkt i eit mønster og så vart det endra litt, og tilpassa. Ja, ja set endar ofte slik når eg går i gang.... Det enda bra og skjørtet har fått lengre levetid....;o)

Pinsa er full av avtaler og glede. Vi skal både i barnedåp og i konfirmasjon, så ny kjole passar godt;o)


God Pinsehelg!

Gjer dagen din god!


lørdag 19. mai 2012

Sommarfint

Ein tur på Brandsøyåsen i går kveld gav inspirasjon til ein kreasjon.....

Eg trur det blir noko sommarfint.....

Overdelen i creme har eg strikka på i vår. Litt no og litt då.... Den har vore med meg rundt om kring. Det har blitt strikka ein pinne no og ein då... Siste pinnane vart strikka i går og i dag har den fått heklekant.



På turen kom eg på at det hadde vore fint med ein hekla kant nede på skjørtet. Eg tenkte først at den gjerne kunne vore grøn, men i dag tidleg låg eit anna nøstet i skåla og berre ropte på å bli brukt, og slik vart det.

I dag her eg hekla, heklar og heklar, og i sola har det vore ei vakker dag;o ). Det er laaaaaangt rundt kvar omgang, men blonden veks og eg trur den vil bli ei fin avslutning på skjørtet.

Eg bør gjerne teste om den fargar av, viss ikkje går eg ein lyserosa sommar i møte..... Eg satsar alt på et det blir slik eg opprinneleg har tenkt i creme med fine fargar til;o)

Gjer dagen din god!

søndag 15. april 2012

Då erklærer eg ute-sesongen for opna!!!;o)

I dag har det vore strålande solskin i Florø, men og ein kald vind…..
Og vi har vore ute mesteparten av dagen, det gjer godt!

Bilen har fått sommardekk, hagemøblane er komne ut i sola og har fått seg ein vask. Ungane har funne fram fotballen, syklane og tynnare jakker….

Det har vore godt å kjenne sola varme.

Etter at møblane var tørka fann vi oss ein lun krok der vi rigga oss til og feira opninga med NYDELEG!! sjokoladekake, laga og pynta innbydande av eldstegullet.
Det var godt å kunne sitte i sola, nyte kake, frukt og te og vite at vi er i starten på denne gode sesongen;o)


Dei små lappane har  og blitt større... Fleire har blitt ferdig og her er resultatet så langt.
Friskt og fargerikt;o). Berre lekkert!
Eg har brukt både nytt og gammalt stoff, mest gamle sengeklede, som eg er så heldig å ha fått om hende.


Eg trur det blir bra! Kanskje får eg sydd litt meir i dag.
Eg har, som vanleg...., fleire prosjekt på gang samtidig og kjem stadig på saker og ting eg så gjerne skulle laga....
Eg er vel ikkje heilt aleine om det......;o)

Gjer dagen din god!


tirsdag 3. april 2012

SOL!!!!!


Eg har kosa meg ute i mange timar i dag!

Når vi endeleg får sola, må ho nytast til fulle!

Då slepp vi det meste av planar og gjeremål og NYT!

Her var eg først i dag, radio, te, handarbeid og med godt selskap av min kjære;o)

Våre tre gull kosa seg inne med å spele Monopol. Det er og ein fin påskesyssel.

Etterpå gjekk vi tur, først gjekk vi saman eit stykke.

Eg ville gå lenger så eg fortsette og fekk meg ein lang og god tur i solskin. Det gjorde godt.

Denne benken er flott, men den freista ikkje heilt ... Det var nok litt kaldt å sitte der i dag, men utsikta er det ikkje noko gale med!

Handarbeidet er eit langtidsprosjekt.....
Det har vore under arbeid ei stund.

No er alle dei små bitane sydd saman og er og sydd fast til eit bakstykke.

No er det pynting i form av broderi og perler som står for tur.

Eg skal sy dei saman og bygge arbeidet utover med nokre border.

Sidan skal det quiltast, korleis, får eg sjå når eg kjem så langt;o).

Enno kosar eg meg med broderi og perler.

Denne er heilt ferdig pynta, den er no litt fin då....;o)

Gjer dagen din god!