Viser innlegg med etiketten Broderigleder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Broderigleder. Vis alle innlegg

lørdag 22. september 2012

Same tema.....


Eg har ikkje heilt gitt meg med hausten....

Her er nokre blad som kan brukast som brikke eller mug rug.

Dei er flotte på bordet med nokre telys på. Det blir skikkeleg innekos. Eg har valt å bruke lune haustfargar.

Ideen og mønster til desse hadde Lilla dør med på kurset.



Her har eg leika meg litt og laga haustblad på min måte.....

Vrangsydde og knappa på stilken. Kan varierast på mange måtar.

Har eg mange i same storleik kan eg variere og sette dei saman alt etter kva farge eg vil ha på blada....





Dei er kjekke å sy og dekorative i seg sjølv. 

Bladet fekk eg frå Kari, så har eg omarbeidd det litt og gjort det på min måte…..

Trur det blir laga nokre fleire av desse, eg har nokre fleire fargekombinasjonar eg vil prøve ut....






Eg har og pusla med litt broderi.

Dette hjertet er no ferdig brodert og skal brukast til pynt;o) det kjem meir om et seinare....

Her er det overflod av lilla blomar, kjekke å brodere og inspirert av dette mønsteret.






Mønsteret på denne fuglen kom i posten sist helg. Den er flott og nokre nydelege stoff og fargar var med i pakken. 
Det er det Wenche sine strekar....

Den framtidige eigaren er funnen... Den skal berre gjerast ferdig.....







Her i Florø er det nydelege haustdagar med solskin!!!

Det har vi venta lenge på og vi skal nyte kvar ein solstråle! Dei vakre haustblada blir endå flottare i solskin;o)

Takk for mange kjekke kommentarar!


Gjer dagen din god!

 

torsdag 30. august 2012

Lune lys.....




Dagen i går vart litt etter "innfallsmetoden".

Utgangspunktet var ein tur på biblioteket og turen enda inne på snopebutikken....

Der sto Kari å pakka ut nye glas/lykter. Det har eg vore på jakt etter;o)


Eg var ikkje sein å be, to små og ein stor vart med heim.

Fram kom ein liten linduk eg har snopa med heim frå Kremmerhuset...... og vips så vart til to lykteposar og endå har eg rest att.....

Bitane vart kutta etter måla på lykta.

Fram kom penn, mønster og broderigarn og så var eg i gang.

Eg hadde ein ide om at broderi ville vere fin effekt på lin og kveikte lys..... Eg synes framleis det er ein god ide.....;o)



Neste lykt vart med applikert hjerter og pyntesaum øvst.

Litt variasjon og idear som skal testast ut. Dette er fine gåver.

Eg tenkjer at trykk, decoupage, maling, bilder m.m. kan bli flott på slike lykter. 

Lin, eller andre grove, "lause" stoff er tøft. Også nusselege, romantiske stoff.....  




Den siste og største  lykta fekk ein rest lin, ein fin blonde og ei pyntenål som har venta på å bli brukt til noko.

Her kan ein og bruke strie, hamp og all mogeleg pynt i blikk, perler, figurar m.m.

Det er den berømte fantasien som set grenser, om det er grenser då.....;o)

Minstegullet ville vi skulle bruke dei i dag til frukosten....

....kveikte lys gjer godt kva tid som helst så det gjer eg gjerne;o)


Eg har nokre fleire idear som eg vil teste ut. Det er greitt å ha nokre liggande på lur, så kan eg byte dei ut og variere i det uendelege.....;o)

Det er tida for levande lys framover.....


Gjer dagen din god!

 

tirsdag 28. august 2012

Ein god start....


Sist veke starta vi opp haustsesongen på Kreativiteten.

Unni og Eli, (begge utan blogg....) hadde laga til ein fabelaktig aktivitet. Vi kom til duk og dekka bord!

Temaet var Stitcheri. Dei hadde teke seg bryet med å kutte stoffa, teikna motivet og stroke vliseline på baksida!

For oss var det berre å velje kva stoff vi ville ha, ikkje mindre enn tre typar kunne vi velje av, fargelegge og starte å brodere!

Det var mange flotte fargar å velje i, både i tråd og fargestifter.



Vi broderte og sludra til det var til for kaffipause med noko attåt, mmmmm frukt og ei vedunderleg kake, som vi håpar å få oppskrifta på...... ;o)

Mønsteret dei hadde valt å bruke kan du finn her. Ho har fleire motiv som ein fritt kan bruke.

Tusen takk til Unni og Eli som hadde laga til ein flott kveld, det er godt å tenke på at vi har fleire kjekke kveldar på bua framover hausten og vinteren. Det må bli bra etter ein slik flott start!

Mitt vart (som vanleg...)fargerik! Eg er visst inne i ein periode med mange, gode fargar.....

Dette er litt av sommarblomane eg har plukka inn i sommar.  Dei har vore til glede både ute i krukkene og inne i vaser.....



Eg trur eg veit kva eg skal bruke motivet til…., det må jo berre bli ei mappe til småting........ Men korleis den blir, det vil vise seg.

Eg har mange idear eg har lyst å prøve ut, men kjem liksom ikkje i gang med anna enn Stitcheri og strikk for tida. Er det fleire som har det slik?

I morgon har eg ein dag heilt utan planar, kanskje kan den brukast på syrommet.......

Gjer dagen din god!

 

onsdag 18. juli 2012

God jul(i)

 

Her er det varmt og godt. Vi kosar oss framleis med utflukter, bading, strandliv, og solkrem i bøtter og spann....

 

 

 

Blogging er begrensa, men i kveld er vi innom ein restaurant med dekning;o) Dvs at eg er litt utanfor dekning hos mine kjære, ei lita stund.......

 

 

 

Alvebroderiet for desember er ferdig og oktober ligg klart....

 

 

 

Vi trivast og nyt livet!

 

Gjer dagen din god!




 

lørdag 14. juli 2012

Ferie......

 

 

Her kan ein nyte livet!

Vi bur i Denovic, Montenegro Apartments, nyt livet, varmen...... Sol og badeliv. Varme dagar og lune kveldar;o)

 

Handarbeidet er alvebroderiet for desember! God jul og granbar verkar langt, langt fram........

Kanskje rekk eg broderiet for oktober og;o)

Då er er ferdig med alle 12 månadane......

 

Gjer dagen din god!

 

 

tirsdag 19. juni 2012

Sommarbroderusk del 2


Broderiveska har fått innhald i dag. Ikkje broderi og slikt, men mapper til utstyr og tråd......

Her er innsida av veska. Den har fått sommarblomar, ja heile blomsterenga har funne vegen opp i veska mi;o)

Ein liten lomme med glidelås til saker og ting er alltid kjekt å ha.




Eg har og fått sansen for desse små mappene. Dei er perfekte til nåler, saksa, fingerbøl og andre nødvendige saker.

Eg har og laga ei lita nålpute. Den er sydd saman av bitane eg har kutta av, saman med ein liten bit ullvatt har det blitt ei passeleg nålpute i mappa. Denne gangen har eg festa den med eit band så den blir ikkje vekke for meg.





Eg har og laga ei mappe til tråden. Den er i plast slik at eg til ei kvar tid veit kva eg har med meg, alt ligg i vert fall til rette for det.....;o)

Der kan eg samle tråden til dei forskjellige prosjekta eg har på gang.

No er det berre att å teikne broderimønstera, plukke fram tråd og utstyr og så er sommarveska klar til bruk.


Tusen takk til alle dokke som tek dykk tid til å skrive ein liten kommentar, det varmar!


Gjer dagen din god!


mandag 18. juni 2012

Sommarbroderusk



Nok ein gang er det ein broderuskpakke som har fenga meg...... Då denne kom i posten sist veke sette eg i gang så snart puta mi var ferdig.

Eg synes broderiet var koseleg og ville lage det med ein gang;o). Veska som broderiet var brukt til, fanga og interessa mi.

I går hadde eg ein kjekk dag på syrommet. Etter ein hektisk periode var det utruleg godt å berre ta seg inn att med lydbok og symaskina som selskap.


Eg pynta den litt ekstra med blonder og knappar. Idear kom til undervegs og måtte berre prøvast ut.

Blått er ikkje den fargen eg brukar mest. Sant å seie har eg nesten ikkje blå stoff i skuffene, det er derimot ganske mykje turkis......;o ) Men desse stoffa er nydelege og kanskje kan det snike seg inn meir blått, kven veit.....;o)

Denne blå veska skal eg fylle med broderi, tråd og utstyr slik at eg har det eg treng til ledige stunder.

Det er vel ikkje noko nytt at eg likar vesker og mapper til dei forskjellige handarbeida mine, og no har eg endå ei til sommarbroderi.


Det er heller ikkje tvil om kven si veske dette er ......

Eg plukka fram broderiet frå kurshelga i april og sydde namnelappen min på baksida. Det er no greitt i tilfelle det skulle vere mange slike vesker der eg skal vere.......;o )


Tusen takk for alle kommentarane eg får, det er kjekt å sjå at nokon tek seg tid til å legge att ein kommentar til meg. Det varmar og gjer det endå kjekkare å blogge.


Gjer dagen din god!


onsdag 13. juni 2012

Hjarteleg



For ei tid tilbake fekk eg dette broderuskmønsteret. Eg likte godt broderiet, det vart laga klart og brodert, litt no og då... Eg laga min vri på teksten.....;o)

Handsaumen vart og laga klar, og eg sydde nokre saman, men fann fort ut at eg ville vente til kurshelga i april der handsaum var på programmet.




Eg fekk jo blod på tann og sydde i veg. Medan eg kosa meg med handsaumen syntes eg det var for gale å gøyme den vekk og dermed vart det to puter i staden for ei.....;o )

Utgangspunktet var altså det broderte hjertet. Eg tenkte at eit bakgrunnsstoff i lin ville passe.
Først plasserte eg hjertet, litt på ein snei, deretter teikna eg opp og broderte villig vekk.


Først vart det litt her, så litt i det hjørnet. Deretter skulle eg hatt noko der og til slutt måtte eg berre har litt meir grønt.

Det er då blitt ei overdådig, men sjarmerande klemmepute.....

Bakstykket vart "litt syttitals" ifølge min kjære. Det kan så vere, men eg likar no det, eg......





Eg quilta berre rundt blomane då det i grunnen var nok mønster på stoffet. Planen var å ha glidelåsen tvers over bakstykket, men det vart ein anna vri.....

Eg trur eg likar det betre når glidelåsen er på bakstykket og ikkje i saumen. Det blir fin dekor med eit fargerikt glidelås og ein fin kant.....




Kjekt var det å kunne bruke mønsteret som utgangspunkt og berre la resten bli til undervegs.

Av og til er det kjekt å sy slik som i mønsteret, andre gangar blir eg inspirert undervegs og må berre prøve ut ideane som kjem. Har du det slik og?


Gjer dagen din god!


tirsdag 31. mai 2011

.... og litt fleire.....


.... det blir lite strikk for tida. Handsaum og broderi er det eg tek til. Eg har jo nokre prosjekt på gang, det var ikkje noko nytt, nei....;o)

Eg har fått ferdig tre av broderia til Blue Bird Quilts. Dei to siste er teikna opp og ligg klare for ei lita pause eller nokre kveldar med nål og tråd.

Radio, fjernsyn eller familien er godt selskap til litt broderi;o)



Sola har kome til Florø att, om enn i små dosar. Her ser Florø bada i sol. Denne utsikta har eg når eg når toppen på morgonturen min. Det er vel verdt turen!

I går veksla det mellom sol og styrtregn heile dagen.
I dag har det vore sol og blå himmel så langt;o) skal tru om varmen og vil komme, så vi kan nyte utelivet att? Eg er veldig klar for det!!!


Gjer dagen din god!

mandag 30. mai 2011

Alvesaum....


Nok ein alv er ferdig.

Broderiet er overstrødd med blomar og perler;o) Alven er yndig og med den vesle harepusen som gøymer seg blant blomane er det eit søtt, lite broderi.

Det skal bli kjekt å sjå alle tolv alvane ferdig brodert. Då skal eg plukke fram stoffa som kjem saman med broderiet og sette det saman til eit teppe. Spennande;o)

Ein ny alv er kome i posten og er gjort klar til å bli brodert.
Eg skal finne fram tråden og samle alt i alve-broderi-posen min;o).

Det er kjekt å ha alt samla, lett å finne fram og ta med seg.

Gjer dagen din god!

lørdag 29. august 2009

Eg er heldig!

Det har vore ei travel veke med oppstart av kjekke aktivitetar;.) quiltegruppa hadde første møte for sesongen, Kreativiteten starta opp att og koret som eg er med i har og starta opp. Det gjev litt mindre tid til blogging.
Det heile var avslutta, eller kanskje eg skal seie at det var ein god start på helga i går kveld.
Då var Kari, Laila og eg samla over eit ostefat, te m.m. og sludra over diverse tema. Hovudtema vart saum.... Det var ein kjekk kveld og ei god innsprøyting med vitamin Q!




Eg har og kosa meg med symaskina i veka og har laga endå ein variant av margerittar....
Eg treng ein firkanta duk, eller to... og ein liten løpar til stoveborda. Og eg er heilt einig med Laila som synes det var ein veldig kjekk duk å sy.
Det blir nok fleire slike i forskjellige variantar.


Medan eg aplikerte duken såg eg føre meg at mønsteret ville vere fint på dei små veskene/ mappene eg likar å sy. Det måtte eg sjølvsagt prøve med ein gang.... ;.)
Det vart ein kjekk variant som eg og kjem til å bruke fleire gangar.)
No blir det ein periode med saum i raudt.....
.... så då må eg berre vise fram gåva eg fekk med systera mi for å ha passa pusen deira i sommar.
Er eg ikkje heldig som har ei søster som er veldig glad i å strikke labbar?? Eg likar det ikkje, men har likevel mange gode par, i glade fargar, som eg kan ta på meg på kalde dagar.
Det er luksus med heimestrikka ullsokkar!!!!;.)
Ha ei god helg!