Viser innlegg med etiketten Kreativiteten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kreativiteten. Vis alle innlegg

tirsdag 28. august 2012

Ein god start....


Sist veke starta vi opp haustsesongen på Kreativiteten.

Unni og Eli, (begge utan blogg....) hadde laga til ein fabelaktig aktivitet. Vi kom til duk og dekka bord!

Temaet var Stitcheri. Dei hadde teke seg bryet med å kutte stoffa, teikna motivet og stroke vliseline på baksida!

For oss var det berre å velje kva stoff vi ville ha, ikkje mindre enn tre typar kunne vi velje av, fargelegge og starte å brodere!

Det var mange flotte fargar å velje i, både i tråd og fargestifter.



Vi broderte og sludra til det var til for kaffipause med noko attåt, mmmmm frukt og ei vedunderleg kake, som vi håpar å få oppskrifta på...... ;o)

Mønsteret dei hadde valt å bruke kan du finn her. Ho har fleire motiv som ein fritt kan bruke.

Tusen takk til Unni og Eli som hadde laga til ein flott kveld, det er godt å tenke på at vi har fleire kjekke kveldar på bua framover hausten og vinteren. Det må bli bra etter ein slik flott start!

Mitt vart (som vanleg...)fargerik! Eg er visst inne i ein periode med mange, gode fargar.....

Dette er litt av sommarblomane eg har plukka inn i sommar.  Dei har vore til glede både ute i krukkene og inne i vaser.....



Eg trur eg veit kva eg skal bruke motivet til…., det må jo berre bli ei mappe til småting........ Men korleis den blir, det vil vise seg.

Eg har mange idear eg har lyst å prøve ut, men kjem liksom ikkje i gang med anna enn Stitcheri og strikk for tida. Er det fleire som har det slik?

I morgon har eg ein dag heilt utan planar, kanskje kan den brukast på syrommet.......

Gjer dagen din god!

 

tirsdag 12. juli 2011

ÅPENT.....


Denne "vimpelen" er no overlevert til Kreativiteten.

Det har vore eit utfordrande arbeid, då eg fekk heilt frie tøylar. Eg fekk bestemme alt frå form, størrelse, fargar og kva motivet skulle vere.

Etter nokre dagar og veker med idear og tankearbeid, var eg klar. Stoff, tråd m.m. vart handla inn, eg supplerte litt undervegs og i helga var det innspurt. Det har med andre ord vore godt syveir nokre dagar.

Denne sida viser nokså klart og tydeleg at det er ope på butikken. Eg har brukt batikkstoff slik at det kan tørke over natta.... Her på vestlandet er det truleg at ein må gjere nett det......

Eit hav av blomar saman med bokstavane livar opp, og set farge på denne sida av vimpelen.

Blå batikk med grøne sjatteringar er god bakgrunn for både tekst, himmel og hav.



Så på den andre sida har eg leika meg med eit motiv av Kinnaklova. Det er ganske "fritt etter" eller kva eg skal kalle det. Eg har teke utgangspunkt i silhuetten fjella og leika meg med holmar og skjær.

Eg måtte ha med solnedgangen som har så vakre fargar, og som eg er veldig glad i. Her har eg brukt fri fantasi så om vinkelen og plasseringa ikkje stemmer heilt med verkelegheita får eg hevde min kunsteriske friheit!

Litt tyll og sjifong er brukt for å få fram skuggar og sjatteringar i motivet. Også her har eg dryssa nokre blomar.

Det har vore kjekt å arbeide med den og når eg først var i gang så klarte eg nesten ikkje legge arbeidet vekk. Medan eg sydde på det eine, var tankane på full fart med neste steg.

No er den hengt opp og eg håpar den fell i smak hos mottakarane;o)

Gjer dagen din god!

søndag 20. februar 2011

Saum, solskin og glede


Torsdag var det nok ein gang duka for sykveld på Kreativiteten.

Vi skulle sy desse ruskeposane og sidan eg har sydd dei før, kunne eg hjelpe dei som ville lage desse.

Eg hadde planlagt å sy to, så eg kutta til desse to. Den eine sydde eg delvis saman. Eg synes det er enklare å forklare om eg har noko å vise på.

Den andre brukte eg når eg skulle vise kva bitar dei andre skulle kutte.

I helga kunne eg då sy ferdig begge to. Den eine har eldstegullet teke i bruk. Frå rommet hennar høyrer vi lydbok og symaskindur..... Hmmmm det er noko kjent med det.....;o)


Stoffa i dette settet var nett kome inn i butikken. Det passa så godt til sy-utstyr då det eine har symaskin, garnkorg m.m. på. Det mørke har knappar. Med nokre bitar frå lageret som friskar opp vart eg freista til å lage litt meir.

Det vart ein pose til tilbehør eller liknande og ei nålemappe. Då kan ein ha alt innan rekkevidde ved sofakroken eller godstolen;o)

No skal eg ha nok ei lita økt ved symaskina før eg skal ut på tur. Vi er nokre damer som skal på øyatur. Det blir ein fin tur i godt selskap og med sol frå ein skyfri himmel er ramma for turen er perfekt;o)


Ha gode dagar!

torsdag 6. januar 2011

Uglenytt....


Eg har sydd mi første retrougle..... Det er grådig kjekt å bruke fargar og mønstrete stoff som nesten sler kvarandre i hel. Eg blir i godt humør når eg kan halde på med slikt.

Veslegullet har forelska seg i den og den skal bli hennar.

Den skal berre ein tur ned på Kreativiteten først.

Vi skal starte året med uglesaum på tirsdag og då må den stå modell til vi er ferdig med kvelden. Kanskje får den selskap for eg har funne eit anna mønster eg kunne tenkje meg å prøve.....;o) Har du høyrt den før....;o)

Ha gode dagar!

torsdag 2. desember 2010

Engledans....



Eg held på med nokre gla'englar.....
Englar og hjerter heng i huset vårt heile året...... Eg er veldig glad i dei.....;o)
Desse tenkte eg å ha ut på julebutikken, tre manglar berre ein tråd så dei kan hengast opp. Heng dei fritt dansar dei fint når du går forbi......
Her ligg ein liten haug klart til å få vengjer...
....nokre av desse skal eg ha sjølv. Eg har ein ide om ei uro med englar, eit hjerte og litt perler.....
Du har vel ein engel eller to, du og?;o)
Ha gode førjulsdagar!

tirsdag 30. november 2010

Julebutikk


Er du i Florø kan du no komme innom den flotte bua vår.
Kreativiteten sine medlemmer har laga julebutikk også i år.
Her finn du det meste av handarbeid både pynt og bruksting som kan komme god med i kulden.
Heimebakte lefser og flatbrød vil du og finne her.

I tillegg til dei nevenyttige medlemmane våre har vi to gjesteutstillarar også i år.
Den eine er Hilde Buer med sine fantastiske og mjuke skinnfellar av villsau. Den andre er Marianne Hansen sin flotte keramikk.

Og skulle du vere trøtt i beina etter ein lang dag på handel kan du kjøpe deg ein kopp kaffi med noko godt attåt.
Ein god prat og synet av alle dei flotte handarbeida som fyller bua vår kan gje deg ny energi.
Og kansje finn du ei unik gåve til ein av dine kjære her hos oss.......
Velkommen!!

lørdag 22. mai 2010

Litt av kvart.....

Torsdag kveld var vi heldige å ha besøk av Pamela Dunbar Nødset. Ho lærte oss korleis vi kan lage "papir" av lin og silke.


Vi var 8-10 damer på Kreativiteten som leika oss med vatn, lim, lin og silke.




Eg tenkjer at dette blir spennande å bruke både når eldste jenta skal lage kort eller når eg skal quilte eller lage bilete.


Denne vil bli fin utanpå eit glas til telysa mine. Dei fine trådane i silken vil lage fint mønster i flammen frå lyset.... litt smykketråd, perler eller bast til å feste det om glaset vil "gjere susen";o)





Elles hadde vi og besøk av to slike i løpet av veka. Midt på blanke ettermiddagen, i solskinet kom dei, og ville gjerne smake på innhaldet i beda mine.

Eg takka nei til det besøket.... Vi var ute både jentene mine og eg, men skremde det dei vekk? Nei då!

Kjolen tek form, no er det ermane eg putlar med. Overdelen er halvvegs ferdig, det skal litt pynt til og nokre ermar før eg er nøgd.....



God Pinsehelg!

torsdag 2. april 2009

Fiks ferdig!!!


Då er veska mi ferdig med perler og stas! Det gjorde seg med litt ekstra pynt. Det er kjekt å blande fine og grove materialer. Lin og silke eller grov tova ull og perler det gjev kontraster som eg likar;-)



Her ser de både fram- og baksida på veska.


Prøvelappane" som vi lagde 1. gangen Pamela var på Kreativiteten er blitt pynt på ei lita veske i linstoff. Eg har brukt både lappen, kula (som no er delt i to) og "tråden" som vi tova då.

onsdag 1. april 2009

Tove


I går var det ein ny aktivitet på Kreativiteten. Vi lærde å tove ei veske. Pamela hadde nok ein gang teke turen frå Kalvåg til Florø for å lære oss meir om toving. Det var eik kjekke kveld med mykje latter og glede.




Vi gjekk der frå med ei veske som berre skal ha siste finpussen med perler ol. litt meir ull og silke, til å tove meir med heime, og REINE hender. Etter timar med toving med såpe og vatn var hender og veska gullande reine. Dette gav meirsmak!
Dette er veska mi som no får ein omgang med perler. Nytt bilete kjem når den er ferdig.