Viser innlegg med etiketten Kvardagsgleder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kvardagsgleder. Vis alle innlegg

lørdag 13. april 2013

Utfordringar....

Alle opplever vi vel utfordringar av forskjellige slag... Nokre er svært positive, andre er verre "å svelge" . Nokre opplever vi som uoverkommelege, og vi strever med å komme i gang og gjennomføre dei. Som oftast kjem vi styrka gjennom oppgåva og har erfaringar som er verdt å ta med seg.

 

Andre gangar er det grådig kjekt å gå i gang og ein har glede gjennom heile prosessen. Og ein får gode erfaringar til seinare. Som oftast er det nok innstillinga vi sjølv har til oppgåva som er avgjerande. Nokre gangar går det meste i racerfart, andre gangar må ein bruke lang tid og la ting modne undervegs.

 

No er eg "langt ute på viddene" og eg kvar eg skulle med dette, vel det veit eg vel nesten ikkje.... ;0) men eg får prøve å nøste tilbake.... Eg tenkjer nok på kreative oppgåver eg har fått i det siste. Ein bunadsvest som eg no berre må i gang med.... Som må bli ferdig til starten av mai....

Ein kjole som er blitt til over lang tid og som eg har gleda meg over å lage og som eg håpar vil bli teke vel i mot av den som skal ha den.

 

Div. strikkeprosjekt som ein seier ja til, og som eg nok ikkje hadde laga om eg ikkje hadde fått spørsmål frå andre om å lage. Som f.eks genser til ein liten firbeint venn......

 

Som oftast har eg pusen med meg når eg held på. Enten på fanget med strikkepinnane farleg nær øyrer, auga eller snute, og som av og til ikkje greier å halde seg frå å fange tråden....

....... som studerer symaskina når den er i bruk, då må han som oftast ned, då eg er redd potane kan komme for nære nåla... Eller som her, prøver om stoffet er godt nok.....

 

Det er kjekt å ha ein pus som likar å vere med på det som skjer. Spesielt kjekt er det når nokon er ute i hagen, då blir han yr og glad. Hoppar og sprett og vil vere med på leiken...;0)

 

Gjer dagen din god!

 

onsdag 10. april 2013

Glede.....

...... Er å kunne nyte sola ei morgonstund med slik vakker utsikt.... Eg var ute i god tid ein morgon og kunne rusle ned på kaia å nyte morgonsola.... Eg tenkjer at eg kan unne meg å gjere det fleire gangar..... ;0)

 

.... Er å blade i ei flott strikkebok. Ei eg har att lyst på ei god stund. Mine jenter er ikkje baby lenger, men med anna garn og tjukkare pinnar kan eg likevel lage noko til dei..... Det er og flust i inspirasjon til eigne kreative sprell....

 

.... Ein våryr og vårgrøn tunika for eksempel..... Det vart godt motteke og er allereie mykje brukt. Det gledar meg når mottaker blir så godt nøgd.

 

.... Er å kunne nyte vårblomar, denne gang inne, litt kaldt ute enno.... Solskin gleder vi oss over kvar dag! ... og stunder med handarbeid og på syrommet blir endå trivelegare med sol på....;0)

 

Gjer dagen din god!

 

onsdag 3. april 2013

Sytørke...... Bloggtørke......

Det er små drypp om kjem no for tida, men lysta til å sy er stigande og lysta til å blogge att, kjem og snikande..... Så det går seg nok til med begge deler. Denne vesle boksen måtte eg berre ha.... Yndlingsmaskina i retroutgåve..... Den er fin til å oppbevare nødvendige saker som knappar, band, blonde eller små stiffbitar....

 

Ein retro pose har det og blitt. Også den er fin til småting, eit garnnøste eller to.... Stoffet har eg fått av svigermor og er ein av fleire skattar eg har fått frå ho. For meg vart det ein-bli-glad-av-pose..... Små gleder i kvardagen gjer godt! Knallfargar, som vanleg, og eit frekt knallgrønt band må til!

 

Gjer dagen din god!

 

lørdag 23. februar 2013

Strikkenytt....

Vel ferdig med kostymesaum fekk eg sjå ei strålande flott framsyning av alle barna på Torvmyrane skule frå barnehagebarn og alle skulebarna frå 1.-7. kl. Rundt om 250 små og store flotte, flinke barn som har pugga tekstar, replikkar, dans og sjarmerte publikum i senk!

Stolt mor til to flotte jenter. Yngstegullet fekk vere Dolly saman med Donald, Langbein, Pluto og ein flokk dansende Minni ;0) Mellomstegullet var og ein fugl i Løvenes Konge. Midt på scena dansa ho saman med elefanten, sjiraffane, leopardar og mange andre ville dyr. Utruleg kjekt for både små og store på skulen og for foreldre, søsken og andre som fekk vere publikum. Vi er heldige!

 

Vi er og heldige som kan nyte den eine flotte solskinsdagen og solnedgangen etter den andre. Då klarar vi nokre grå dagar inn i mellom. Det hjelp og å ha nokre bilete i bakhand som lett kan finnast fram om det blir for grått.....

 

Det har blitt endå meir strikk. Etter at eg var ferdig med lua mi, hadde eg ein del restar att. Ein ide og trong til å prøve den ut, resulterte i denne kjolen/tunikaen. Den kan først brukast som kjole og sidan som tunika når gullet veks til. Inspirasjon har eg funne både her og der, Piclesjentene og danske strikkeoppskrifter har blant anna gjeve mange av dei. Tunika-kjolen er strikka ovanfrå og ned. Eit par ekstra nøster i hovedfargen måtte til.... Den er strikka i Nepal frå Garnstudio. Etter vask er den mjuk og god og varmar godt veslegullet.

 

Endå ein ide vaks fram medan eg strikka og neste kjole måtte strikkast. Denne gangen i ein strålande gulfarge i Merino Extra Fine og frå Garnstudio. Ein lett og mjuk kjole til våren. Denne gangen valde eg å lage holmønster både på bærestykket og nest på kjolen.

Det var kjekt å strikke dei og lysta til å strikke fleire har eg, for det er fleire idear eg kunne tenkje meg å prøve ut.....

 

Eg har og strikka ein mariustunika. Det er utruleg mange som har strikka dette mønsteret. Eg har ikkje tal på kor mange kundar vi har seldt mariusstrikk til. Gensarar, kofter, kjolar, sokkar, og elles det meste ein kan strikke av dette mønsteret. Vi har mang ein gang vore utselde for mariusblått garn. Det er grådig kjekt at mange har glede av å strikke. Godt at fleire finn glede i tråd, pinnar og fine fargar. For min del er det ei form for meditasjon.

 

Eg har lage mi alternative utgåve av mariusstrikk.... Eg valde å bruke alpaca og utradisjonelle fargar. Her er eit bilete undervegs, djup raud og syrleg eplegrøn og ein desj oransje til slutt. Eg ser eg har gløymt å ta bilete av den ferdige tunikaen, men det kan eg ordne....

 

Restane frå dette prosjektet vart blant anna brukt til lyslykter..... Godt å kunne bruke opp restar etter kvart.... Og lyslykter er det alltid bruk for.

 

Nytt strikk er på gang, eg kan ikkje vere utan... Men eg kjenner lysta til å sy er sterkt aukande. Det manglar ikkje prosjekt på den fronten heller... ;0) Det ligg og nokre UFO' ar å ventar, så kanskje kan det bli tid til å sy allereie i helga.....

 

Gjer dagen din god!

 

søndag 2. desember 2012

Ferdig!.....for ei stund sidan......



Langt på overtid og som sistemann i mål? er eg ferdig med mysteriet i år.

Tida strakk ikkje til med julemesse den same helga. Veka gjekk og i racerfart... Løparen har vore ferdig nokre dagar og endeleg kan eg vise den fram;o)

Det er alltid like kjekt å få desse mysteria frå Merete. Min versjon er ikkje spesielt "julete", men eg er godt nøgd med den.

Heilårsdukar er og kjekke.....;o)


Den er i yndlingsfargekombinasjonen min og er pynta med litt handsaum og mange kyr pyntar lukkekanten!

Jepp den er passeleg rampete for meg!

Det er mange flotte versjonar rundt om og link til nokre av dei er samla på sida til Merete, ta ein titt og kos deg med ei runde på dei flotte bloggane.



No er det førebuing til advent, då er det kalender gåver og pynt som er tema.

Snøkrystall hekla i Jubeleumsgarn frå Rauma skal henge å funkle i vindauget i førjulstida. 

Dei heng for tida  i utstillinga på jobb, Bente, "Sjefen" og eg har kosa oss denne veka med å pynte i butikken;o)



Gjer dagen din god!

onsdag 14. november 2012

Mysterie!!! ;o)


Det gleder meg at Merete nok ein gang har laga mysterie til oss!

Morgonstund, kaffikos og langsam start på dagen og gleda var stor då eg fekk sjå innlegget til Merete.

Planane for dagen vart skubba litt på og eg starta på årets mysterie. Yndlingsfargane, kniv og matte vart plukka fram og er mitt utgangspunkt.


Gleder meg til neste steg som kjem i morgon!


Eit kafebesøk i godtselskap, ein tur innom snopebutikken og ein SMS, sette i gang eit akutt behov for ny pynt på bordet.....
 
Eit gamalt tinnfat, kubbelys, lerkekvistar, hortensia og roseblad, eit hjerte med ord til ettertanke må og vere med.....

Kos på bordet og i koppen. Ny te er kjøpt inn frå denne ny opna kjekke kafeen. mmmmmmm!!

Eg kjem til å drikke mykje te framover, den smakte vedunderleg!

Men no, har eg planar om ein tur på syrommet!

Gjer dagen din god!

 

fredag 2. november 2012

Long time....

Det er lenge sidan sist..... Blogglysta kjem langsomt tilbake..... Det er kjekke, travle dagar. Etter ei lang sjukemelding og dagar heime er eg heldig å få prøve meg i jobb att.

 

Eg får vere på vår lokale garnbutikk. Det er rett og slett lukke!!! Eg har trivelege dagar med latter, spøk, kjekke kundar og kollegaer og sist men ikkje minst får eg ta på og klemme på garn og fiber "heile dagen" om eg vil og eg er omgitt av flotte fargar!

Det gjev inspirasjon, både kundane, kollegaene, fargane, garn og mønster. Eg får nok ikkje gjort så mykje kreative sprell som før, det blir mest strikk og hekl, naturleg nok....., men det kjem nok til å gå seg til.

Som de ser blir det mest små prosjekt og å gjere ferdig prosjekt eg har starta på. Det er kjekt det og;0)

Vi har og fått oss eit nytt medlem av familien. Verdas nydelegaste pusekatt har teke oss med storm.... Tasselabb har funne seg godt til rette og vi med han;0)

 

Gjer dagen din god!

 

tirsdag 4. september 2012

Innekos....



Det er så mykje.....


.....levande lys, handarbeid, radio, musikk, lydbok, god drikke, spel, god mat, kjekke besøk, god prat.

Eller sagt på ein anna måte.... det vi til no har gjort ute, flyttar vi inn i varmen......

Det er kjekt med den mørke tida, med levande lys og innetid. Like kjekt som det er om sommaren med uteliv, sol og varme....

Variasjon er kjekt!







Spesielt etter ein god tur ute i vær og vind.

Det å då kunne sette seg godt til rette i sofaen med noko av det ovannemnde er balsam for kropp og sjel, både turen ute og kosen inne.....

...spesielt dei gangane eg får det til begge deler....;o)





Eg har stadig noko i hendene, i dag er det dette eg har helde på med...

I tillegg til symaskina då, men det kjem eg tilbake til i ein anna gang.

Bilde i kveldslys... fargane er betre og nesten... rette på biletet ovanfor.






I kveld blir det strikk eller broderi og Herreavdelingen,  i selskap med min kjære, dog utan handarbeid for hans del......;o)

Det er kos!


Gjer dagen din god!

 

lørdag 25. august 2012

Fargekick på ein regntung laurdag...




Det er grått og vått ute, men fargar inne.

Eg har funne fram min fargerike kjole, mi nye yndlingsjakke og
skjerf.

Skjerfet og jakka er kjøpt og laga i sommar. Dei er flittig brukt, ofte kvar for seg, men og saman som i dag.

Fargar er til for å brukast og får meg i godt humør!


Eg har og snopa fargelukke, på snopebutikken.....

Der er det alltid noko kjekt å finne, fine saker og ting og blomar som lyser opp i kvardagen.

Det er både sarte fine fargar og fargekick som her....


Strikket er og fargerikt og mjukt.

Eg trur det blir godt å ha rundt halsen, om litt......

Tråden er fantastisk mjuk og lekker. Farginga er det Ingeborg, Ullrommet, som har gjort. Nett den fargen som eg var på jakt etter.

Handarbeidsposen er og laga i sommar, i glade sommarfargar. Då varer sommaren lenge.....


God fargerik laurdag til deg!


Gjer dagen din god!

 

 

fredag 24. august 2012

Psssssst.....


Jau, eg er her;o)

Det har vore travle dagar i det siste. Det er som det brukar vere mot slutten av august, ved skulestart.

Det er mange ting som skal på plass både før og etter skulestart. Aktivitetar som startar opp ved skulestart både for store og små.

Det har og vore litt ekstra i år, med eldstegullet si flytting på hybel og ny skule. I tillegg til ei triveleg helg saman med kjekke, kreative damer.


Denne veska var med meg på kurs, halv-ferdig... Det er greitt å ha dei slik for enkelt å vise teknikkar og anna i kurssamanheng.

Eg likar å endre og prøve nye teknikkar i staden for å lage to like. Slik vart det denne gangen og.

Det er broderi, fargelegging, glidelås og lomme i veska. Det var det ikkje på kursmodellen.

Ein anna vri på hjertene vart det og denne gangen. Det var ein ny ide som måtte prøvast ut.....

Det er kjekt å ha den ferdig..

Kanskje blir det fleire kurs i denne veska, om nokon vil ha det..... kven veit;o)

Det er og kjekt å lage den i andre fargar og stoff.
Ja, du veit, forandring fryder.....;o)


Eg har og brodert siste stinget på alvebroderiet mitt. Det er både godt og litt vemodig... Det er oktober-utgåva av broderiet.

….godt fordi nokre av broderia har mange detaljar og mykje arbeid. Det har teke tid å brodere dei, og dei er flotte!

....vemodig fordi det har vore kjekt å halde på med, og no er det slutt på dette tema....

Eg har fleire kjekke broderi som eg har tenkt å brodere.... Eg starta på eit nytt i går kveld, men det er ei anna historie og kjem ein anna dag....

Det blir og kjekt å kunne sette dei saman til eit teppe. Eg har fått 3 stoff i kvar pakke, stoff som passar til fargane i broderia. Det skal bli kjekt å pusle det saman til eit teppe.

 

Det vil nok ta tid å finne ut korleis eg vil ha det, korleis eg skal sette saman bitane, fargane m.m.

Det skal teiknast, modne litt, så kjem det gjerne nye idear som skal teiknast og modne, og kanskje endå fleire.... Altså er det framleis mange gode stunder med dette arbeidet.


 Her ein liten stemningsrapport med dette broderiet.

Ei god stund ved kjøkkenbordet. Kaffi i koppen, levande lys og vakker utsikt, som de har sett så mang ein gang, berre eg løfter blikket og ser ut vindauget...... 

Gjer dagen din god!

 

torsdag 26. april 2012

Kurskos II...;o)


Fredag var det handsaum på amerikansk vis.  Det var rett og slett eit kurs i "korleis halde nåla"!

"Å lære av seg" er noko med det vanskelegaste ein gjer! Å lære nytt er enkelt i forhold;o) No går det som ein leik og tempo er på veg opp.

Wenche nemnde at det skal gå like raskt, om ikkje raskare enn maskinsaum.



Eg trur på det og gleder meg til kjekke stunder ute og inne med handsaum i sommar.

Det er enkelt å greitt å ha med seg rundt om kring. Kutte bitane og legge dei og utstyret i klart, gjerne i ei mappe og vi er klar til sy-stund, var det måtte vere!;o)





Eg er godt i gang og har kutta bitar til 4 rundar til. Vi fleipa om doble sengeteppe på kurset, men eg trur det er "mon i mindre".....

Og til slutt eit stemningsbilete frå i går kveld. No kan eg igjen nyte desse vakre fargane! Det er balsam for sjela!

Gjer dagen din god!


fredag 13. april 2012

Fargefest!!



Her er det noko nytt på gang.... eller er det gamalt nytt.... Den som føl med får sjå.....

Eine skåla til eldstegullet passar perfekt til å passe på alle dei små bitane mine.


Jau, i dag er eg kryprtisk...

 Men eg leikar meg med vakre fargar og mønster.


Mange bitar små blir til større bitar og om litt.....;o )



Det er fredag og helgestart og det feirar eg med eit bilde frå ein av blomane ved inngangsdøra vår.



Sjå kor vakker denne julerosa er. Den står ute heile året og no er den full av vakre blomar.

Gjer dagen din god!

søndag 8. april 2012

Snøkrystall i påskesol


Det er vêret, kort opp summert, for påska 2012....

... og eg har fått ferdig nokre fleire snøkrystall.

Desse er kjekke å ha med på tur og ta fram i ledige stunder.

Nokre sting no og då, det er kos;o)


Eg er kome over halvvegs.

Alle er dekorert på forskjellig vis.

Det er dette og strikkety eg har putla med i påskehelga.


Dei små sekskantane, sidene er 1/2 inc...., blir fine blomar, eller snøkrystall.

Eg har fått sansen for handsaum.

Det er derfor eg snopa med meg fine stoff og mal frå NQF-helga;o)

Vi har vore på tur både hit og dit og vore saman med familien.

Då må vi ha kaffimat, då er ikkje eldstegullet vanskeleg å be..... Her er kaka vi kunne kose oss med, heldigvis var vi ikkje aleine.....

Mine foreldre, 4 søsken og våre barn, ein stor flott familie på 26 stykk til saman med stort og smått.

Det er grådig kjekt dei gangane vi er samla.

At barna våre er nesten like gamle frå 18 til 5 år og dei har det og kjekt saman, gjer det endå kjekkare. Familiekos er viktig og gjev godt påfyll.

Her er restane av dekorasjonen fine påskeegg. Fine som pynt og gode på smak.....


Eg har og lyst å vise fram nokre fine påskeblomar, som eg har fått i hus.

Denne påskelilja har eg plukka inn frå hagen. Eg synes den er så fin og saman med nokre bjørkekvistar er det fin påskepynt.

Desse er og vakre og sarte. Nydelege i fargane.

Dei er vakre kvar på sin måte desse vårblomane våre.

Eg må ta bilete av dei, då varer dei lenger..... Kanskje kan dei vere inspirasjon til noko ein gang.


Gjer dagen din god!