Det blir mykje strikk no.... Vi har mange jern i elden for tida så stundene ved symaskina blir få og korte.
Strikkestundene blir det fleire av, strikk er lett å ta med på turar og enklare å ty til i små pausar.
Det har blitt ein del småstrikk. Halsar og luer er på full fart inn i garderoben vår att og fornying er kjekt....
Eldstegullet har fått desse to luene. Strikka på nokre dagar.
Det går flott når ein har tjukke pinnar og er nysgjerrig på korleis den blir. Berre ein pinne til, og ein til..... og ein til.... ;o)
Den grå er strikka i garn frå Garnstudio.
Mønsteret er henta her. Det er den raude baskarhua i det nest siste mønsteret på lista.
Med dobbel merinoull vart det passeleg masketal til mønsteret.
Den cremefarga er strikka i alpakka frå Du Store Alpakka. Den vart til etter innfallsmetoden.
Eg ville ha fletter og struktur slik at garnet kom til sin rett. Eg kunne berre hatt den glattstrikka for å la tråden "gjere" mønsteret, men det vart no litt kjedeleg.....
Løysinga vart "brot" i flettesrtikk og resten i strikturstrikk med rette og vrange masker.
Gullet er nøgd med luene og eg håpar dei er i bruk og varmar ho i haust og vinter.
På byturen i helga hadde eg med meg ca to og eit halvt nøste med Hexa, dvs resten frå lua pluss to heile nøste.
Eg ville ha halsen laust og luftig og i flettestrikk.
Eg strikka meg frå Florø til Bergen;o) og med ca. ein halv time ekstra var halsen ferdig;o)
Garnet endrar seg litt etter vask, dvs. at strukturen i garnet kjem meir fram.
Eg synes det er tøft, det gjev meir "liv" i strikket!
Den er mjuk, luftig og lett, og den skal bli god å ha i haust og vinter.
Rett før helga fekk eg denne kjekke boka i posten.
Har ein putemani, slik som meg..... er denne boka eit funn!!! Eg har allereie blada i den mange gangar og funne fleire puter eg gjerne vil ha, og mange gode idear.
Eldtegullet har og valt sine favorittar så eg kan ha mykje godt handarbeid i vente;o)
Gjer dagen din god!
5 kommentarer:
Så mye fint du har laget. Du er flittig.
Jillt med små strikk....... mykje fint du har strikka. Goé kveld videre. klem
Du er helt utrolig flink Solveig, håpper vi sees snart, kreativiteten din er smittende. hilsen Torhild
中租汽車超低利率0800772999
車貸網站
汽車貸款超低利
個人徵信線上查詢
私房錢好車貸
銀行汽車貸款
車種不限保證好借
汽車貸款中增貸
銀行汽車貸款利率比較
個人貸款
原車融資
汽車增貸問題
貸款
汽車貸款1天核貸完成
汽機車借款
貸款免費諮詢
銀行原車融資貸款
汽機車貸款
Legg inn en kommentar