søndag 9. september 2012

Bytur....

 

 

Ei kjekk helg saman med min kjære sine brødre og deira kjære er over.

Utgangspunktet er det øvste biletet ei tom leilegheit og hybelen til eldstegullet.

Det var diverse som mangla begge plassane så dagen i går vart nytta på IKEA...... Det var langt å gå......mange timar.....

Som resulterte med tomt hovud, trøtte bein, ei lettare lommebok..... og ein full Volvo....

Det gjer til at minstegulla og eg tek båten heim frå Bergen og min kjære og eldstegullet køyrer den fullasta bilen heim.

 

 

 

Vi har hatt ei flott helg hos eine svogeren min. Det er kjekt å kunne kombinere handleturen med familiebesøk.

I går kveld fekk vi nydeleg lammelår i tillegg til deilig thailandsk mat hos svoger nr 2, laga av svoger nr 3 og kona til svoger nr 1....;0) Går det an å ha det betre?


På heimturen har vi det godt. God plass....., aktivitetar for store og små. Strikk for min del og Lego, Nintendo og lydbok for dei små. Det er sol og flott å vere på båttur ein god søndag i september. Ei god avslutting på ei kjekk helg.

Strikket er utprøving av eit mønster eg likte. I mønsteret var det brukt Hexa, men eg trur det går bra med tråden eg har valgt. Det er ein lintråd, snopa på turen til Jæren tidleg i sommar. Blir det bra, er det ein ny kjole på gang.....

 

Gjer dagen din god!

 

2 kommentarer:

KariL sa...

Godt å sjå at du har kost deg på båten med eit godt handarbeid. Ein hnadletur på Ikea kan være litt av ein påkjenning.

KariLklem:)

Lilla dør sa...

Såg ut som du har hatt ei jille helg. Fine farger på strikket ditt. klem