Viser innlegg med etiketten Alvesaum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Alvesaum. Vis alle innlegg

fredag 24. august 2012

Psssssst.....


Jau, eg er her;o)

Det har vore travle dagar i det siste. Det er som det brukar vere mot slutten av august, ved skulestart.

Det er mange ting som skal på plass både før og etter skulestart. Aktivitetar som startar opp ved skulestart både for store og små.

Det har og vore litt ekstra i år, med eldstegullet si flytting på hybel og ny skule. I tillegg til ei triveleg helg saman med kjekke, kreative damer.


Denne veska var med meg på kurs, halv-ferdig... Det er greitt å ha dei slik for enkelt å vise teknikkar og anna i kurssamanheng.

Eg likar å endre og prøve nye teknikkar i staden for å lage to like. Slik vart det denne gangen og.

Det er broderi, fargelegging, glidelås og lomme i veska. Det var det ikkje på kursmodellen.

Ein anna vri på hjertene vart det og denne gangen. Det var ein ny ide som måtte prøvast ut.....

Det er kjekt å ha den ferdig..

Kanskje blir det fleire kurs i denne veska, om nokon vil ha det..... kven veit;o)

Det er og kjekt å lage den i andre fargar og stoff.
Ja, du veit, forandring fryder.....;o)


Eg har og brodert siste stinget på alvebroderiet mitt. Det er både godt og litt vemodig... Det er oktober-utgåva av broderiet.

….godt fordi nokre av broderia har mange detaljar og mykje arbeid. Det har teke tid å brodere dei, og dei er flotte!

....vemodig fordi det har vore kjekt å halde på med, og no er det slutt på dette tema....

Eg har fleire kjekke broderi som eg har tenkt å brodere.... Eg starta på eit nytt i går kveld, men det er ei anna historie og kjem ein anna dag....

Det blir og kjekt å kunne sette dei saman til eit teppe. Eg har fått 3 stoff i kvar pakke, stoff som passar til fargane i broderia. Det skal bli kjekt å pusle det saman til eit teppe.

 

Det vil nok ta tid å finne ut korleis eg vil ha det, korleis eg skal sette saman bitane, fargane m.m.

Det skal teiknast, modne litt, så kjem det gjerne nye idear som skal teiknast og modne, og kanskje endå fleire.... Altså er det framleis mange gode stunder med dette arbeidet.


 Her ein liten stemningsrapport med dette broderiet.

Ei god stund ved kjøkkenbordet. Kaffi i koppen, levande lys og vakker utsikt, som de har sett så mang ein gang, berre eg løfter blikket og ser ut vindauget...... 

Gjer dagen din god!

 

mandag 16. april 2012

Alv i november

Eg er ferdig med broderiet for november. Denne gangen var det lite arbeid og fort gjort om eg skal samanlikne den med sist månad.

Her er det advent med stake og lilla fargar. Lette snøfnugg er og kome med.
Det var ikkje enkelt å ta bilete av det i dag. Den skarpe vårsola lagar ekstra semning i biletet.....;o)

Neste broderi er desember og "god jul". Det ligg klart, men det kan hende eg ventar litt med det. Eg er liksom i vårstemning no og ikkje julestemning......







Uansett er denne tida med go'stolen i sola og uteliv godt eigna til handsaum og broderi;o)

....og så får vi sjå uendeleg mykje meir av desse gledene. Blomar i fleng, i vakre fargar.

Det er godt å tenke på!

Gjer dagen din god!


tirsdag 27. mars 2012

Eit sting....eit til..... og endå eit...


Omsider er septemberutgåva av alvebroderiet mitt ferdig!;o)

Dette har vore under arbeid i lang tid. Det gjekk fort og greitt med sjølve alven og så starta eg på soppane....

Dei er brodert med ein tråd og i plattsaum og då gjekk det litt trått. Eg hadde det med på årsmøte og broderte soppar i lange baner,og med eit par kveldar til etter turen var det ferdig.

Eg må midlertidig innrømme at eg undervegs tenkte »at du ikkje berre sydde konturane med attersting». No i ettertid er eg glad for at eg ikkje gjorde det.

Neste månad er klar til brodering, det er november. Oktober har eg ikkje fått endå, men eg har både november og desember så eg er ikkje arbeidslaus;o)

Tenk eg har berre tre bilete att før eg kan starte med å sy teppet saman...... Det blir spennande!

Gjer dagen din god!


fredag 18. november 2011

Klokskap....

Ein ny alv er ferdig brodert, så då er det berre å vente på neste. På dette biletet var det til og med ei ugle med;o) Ugle er symbol for klokskap har eg høyrt. Bøker kan gje klokskap.....

Livet gjev og ei form for klokskap.... både godt og vondt. Heldigvis er det mest av det gode;o)

Ei ny helg ligg føre oss, utan dei store planane. Då kan vi fylle den med det vi vil og det vi treng, som gjev godt påfyll.

Først skal eg sjå veslegullet og klassa hennar si framsyning for resten av småskulen og forventningsfulle foreldre;o) Det blir kjekt!!

Gjer dagen din god!

mandag 17. oktober 2011

Eit sting og eit til....

Det har vorte mange sting på desse fine alvebileta mine. Nr sju er ferdig og nr. åtte ligg klar...

Det er fine fargar og fin strek i desse bileta. Eg gledar meg til alle er ferdig og eg kan legge dei ut over saman med stoffa til rammene.
Då skal eg pusle stoffa saman og lage alveteppet mitt. Det blir spennande å sjå korleis det blir når det blir ferdig. Enno er det sju broderi, ein haug med broderigarn og 3x7 stoffbitar som skal bli til eit ferdig teppe.

Mykje godt arbeid med andre ord;o)

Når eg har brodert har eg mangla ei nålpute.

Til eldstegullet sin frustrasjon har armlena blitt brukte til nålputer og ho har sett i nokre hyl....

Men no er det slutt på det!

Eg har laga meg ei nålpute i nokre av mine vakre retrostoff. Den kome med i broderiposen og no er det orden på sakene....;o)

Gjer dagen din god!