Viser innlegg med etiketten Familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Familie. Vis alle innlegg

fredag 17. august 2012

Seinsommar...


Vi har hatt nokre flotte, varme og solrike dagar. Den lenge etterlengta sommarvarmen har endeleg kome.

Dagane har og vore fylte med små og store gjeremål i samband med flyttinga til eldstegullet. Det er ein god del som skal på plass, litt nytt og mest saker og ting vi har frå før.



Eg har fungert som pakkesel, sjåfør og hjelper når ein skal velje.....

I går var vi på tur att, eit lass som skulle på plass. Etter å ha kome inn, og fått kasser og slik inn vart eg sett til å ta mål av vindauger og andre saker som vi med tid og stunder, helst raskast mogeleg, skal sy nytt til.


Det er rart med det, men det er kjekkast å kunne henge opp nye tekstiler, det blir litt meir sitt eige då. Smaken er forskjellig og det er kjekt å kunne ha sin stil når ein skal bu og trivast på ein ny stad.

Jakta på rette stoff, mønster og fargar har starta, men vi fann ikkje det rette i går....





Etter oppmåling var eg berre i vegen, så eg tusla ut i sola. Det er ein flott solkrok rett ved inngangsdøra.

Der var det godt og varmt, eg hadde handarbeid med så medan ting vart sett på plass inne kosa eg meg i sola og pusla med mitt.



Det er flott utsikt frå solkroken så eg trur nok at dei kjem til å trivast både ute og inne.

Eit fint tun og fjella i bakkgrunnen.....


Elles har eg putla med nok ein modell av ugleveska mi,


...denne gangen har eg brodert mønsteret og lagt farge på....


Det er kjekt å prøve ut forskjellige variantar av same mønster og modell....


Denne er i litt andre fargar og stoff.....

Det blir "ei heilt anna "veske med andre stoff og fargar....

Eg får nye idear medan eg syr og denne gangen tenkte eg å sette glidelås i veska.....


Eg har ein plan.......


Ein god kveld på plattingen i godt selskap og god mat har det og blitt tid til. Det er vedunderleg påfyll!!

Og mange slike vakre solnedagangar har vi fått nyte. Det er vakkert når alt blir farga i eit intenst oransje lys.




Det er godt med sommar!


No er det helg og den skal eg bruke saman med kjekke kreative damer og saman med familien.

Måndag er det skule og kvardag att. Det er godt, men i år blir det og veldig rart.... Ein mindre i familien til dagleg, godt er det då med elektroniske hjelpemiddel, då er ein ikkje så langt vekke.....



Gjer dagen din god!


lørdag 11. august 2012

Hobby, livet og .....


Eg har tidlegare stolt vist fram saker og ting som eldstegullet har laga.

I sommar har det vore produksjon av ringar og pynt. Dei er flotte og eg har sikra meg nokre eksemplar.

Nokre er "spesialbestilt" .... " det hadde vore tøft med sin slik farge...." ;o)



Som de ser har ho vore kreativ, og når ein er i gang med noko kjekt er det vanskeleg å slutte, kven har ikkje vore der.....;o)

Det er mange variantar og medan ho lagar kjem nye idear.....

Ho har og laga fleire slike..... Ho har god tilgang på gamle plater i barndomsheimen til min kjære.

Gleda over vinyl deler ho med faren og det er berre plater med riper og hakk som kan brukast om att.





Det er blitt skåler, bokstøtte og servietthaldar av dei gamle LP platene og singlane.

Noko av dette er å finne på Kreativiteten sin butikk.


Inn i mellom har ho og dyrka ein anna hobby.... baking;o)




Så det har ikkje mangla på kaffimat og dessert i huset.

Er det nokon som treng bakst ein gang kan ho hjelpe deg med det og. Bakst for sal er inga sak.....


Her er starten på fleire ringar, nye idear som skal testast ut.....

Om ei veke skal ho flytte på hybel for å starte på vidaregåande. Design og Handverk er linja ho skal starte på.

Eg trur og håpar ho vil trivast! Tomt blir det i heimen, men håpet er at ho kjem heim i helgar og feriar......

Gjer dagen din god!

søndag 8. april 2012

Snøkrystall i påskesol


Det er vêret, kort opp summert, for påska 2012....

... og eg har fått ferdig nokre fleire snøkrystall.

Desse er kjekke å ha med på tur og ta fram i ledige stunder.

Nokre sting no og då, det er kos;o)


Eg er kome over halvvegs.

Alle er dekorert på forskjellig vis.

Det er dette og strikkety eg har putla med i påskehelga.


Dei små sekskantane, sidene er 1/2 inc...., blir fine blomar, eller snøkrystall.

Eg har fått sansen for handsaum.

Det er derfor eg snopa med meg fine stoff og mal frå NQF-helga;o)

Vi har vore på tur både hit og dit og vore saman med familien.

Då må vi ha kaffimat, då er ikkje eldstegullet vanskeleg å be..... Her er kaka vi kunne kose oss med, heldigvis var vi ikkje aleine.....

Mine foreldre, 4 søsken og våre barn, ein stor flott familie på 26 stykk til saman med stort og smått.

Det er grådig kjekt dei gangane vi er samla.

At barna våre er nesten like gamle frå 18 til 5 år og dei har det og kjekt saman, gjer det endå kjekkare. Familiekos er viktig og gjev godt påfyll.

Her er restane av dekorasjonen fine påskeegg. Fine som pynt og gode på smak.....


Eg har og lyst å vise fram nokre fine påskeblomar, som eg har fått i hus.

Denne påskelilja har eg plukka inn frå hagen. Eg synes den er så fin og saman med nokre bjørkekvistar er det fin påskepynt.

Desse er og vakre og sarte. Nydelege i fargane.

Dei er vakre kvar på sin måte desse vårblomane våre.

Eg må ta bilete av dei, då varer dei lenger..... Kanskje kan dei vere inspirasjon til noko ein gang.


Gjer dagen din god!

onsdag 3. august 2011

Utflukter...


Vi nyt sommaren og frydar oss over eine dagen etter den andre med sol og varme. Utfluktene går oftast til småplassane nær "huset vårt". Stranda er og eit ynda mål. Minstegulla kosar seg storleg over å kunne bade, bygge sandslott, finne krabber, steinar og sjel.


Vi vaksne og eldstegullet badar noko mindre enn dei to minste, men finn roa med bøker og eg med lydbok og broderi. Då kan eg nyte sola, passe jentene i vasskanten med ei go'bok på øyret.

Bøkene er lette å ty til og eg har lese ut dei to bøkene eg hadde med, den eine lydboka heldt akkurat til dagens strandtur. Det går bra, for eg har enno med meg to til.... Lesehest/lydboklyttar har eg alltid vore, og med late feriedagar tek det ikkje lange stunda å komme gjennom bøkene.


Men i går var det dagstur. Først til Frederikshavn, der vi tusla i gågatene det var mykje å sjå på for både liten og stor..... Eldstegullet og eg fann STOF 2000;o), der var det mykje fint og min kjære gjekk fleire turar og kom innom for å høyre om vi var ferdige.....

Etter nokre timar gatelangs og litt mat gjekk turen vidare til Skagen. Der vi parkerte og tok beina fatt i gatene mellom dei gule husa. Vi måtte og ein tur ned på kaikanten, der det var yrande liv på alle fiskerestaurantane, på plassen utanfor og i de mange flotte seglbåtane om låg ved kai.

Deretter sette vi  nasen ut mot Grenen. Der tusla vi langs stranda, heilt ut til spissen. Ein flott kveldstur og minstegulla vassa og sprang i bølgene. Det går ikkje å bade der, men vasse gjekk fint. Mange steinar vart samla, bilder knipsa og minnene er lagra., men dette bildet er frå stranda i Hou i Hals, der vi camperer denne veka.

Om kvelden er det godt å komme inn att, skylle av seg saltvatn og sand og sette seg ned ute med noko godt i glaset.

I dag var det te, kjøpt i Hals. Plutseleg sto den der, den boksen med Kusmitea som eg hadde vore på utkikk etter. Den pluss litt fleire "heilt nødvendige saker" vart med i posen heim......

Men no har freden senka seg, minstegulla er kome i seng og eg skal ha eit glas raudvin ute saman med min kjære. Eldstegullet har trekt seg tilbake til senga si med musikk eller lydbok i øyra og strikkety i hendene.... Det var noko kjent med det....;o)

Gjer dagen din god! 

søndag 31. juli 2011

Heldiggrisar.....


Ferien vart som bestilt! Vi reiste i fint, varmt veir. Tusla rundt i Bergen i solskin og varme. Før vi sette nasa sørover til endå meir sol og varme!


Båtturen var fin og vi kunne sitte ute i sol og med lette klede. Nett slikt har vi hatt underskot på i heile sommar.





Vi nådde målet, til endå meir varme og eit fantastisk flott hus vi skal disponere i ei veke.

Det er god plass både inne og ute. Stor terasse, nokre plassar med overbygg og ein stor, flat plen omkring huset.

Det er ikkje vanskeleg å nyte dagane her.





I dag vakna vi til endå ein nydeleg dag og stranda var målet. Der kunne vi nyte livet både små og store.

Gulla bada i eitt. Vi vaksne kunne og bade, både vel og lenge, utan å få krampe eller riste og skjelve. Det er første gang vi kan gjere det ute, denne sommaren.....

Eg bada og i Molde sist veke, men då vart det eit kort bad, og nærast på trass.....


Nydeleg fin, mjuk sand, solskin frå blå himmel, eit handkle og ei god bok gjorde at timane fauk.

Det var langgrunne med mjuk, god sand så vi kunne slappe godt av medan ungane bada av hjartans lyst og vi slikka sol.

Vi kasta eit blikk etter dei i ny og ne og vi kunne sjå at dei fryda seg.



Jepp, all frustrasjon og irritasjon tidlegare i sommar er blåst vekk og vi nyt SOMMAREN!!!

No er gulla og min kjære i gang med ballspel på plenen. Endå meir go' lyd, latter og glede fyller kvelden.

Ja, vi har det godt!!!


Gjer dagen din god!

torsdag 14. juli 2011

Mmmmmmm.....




Eg nyt late dagar i sola med det eg treng for hand. Det er godt! Vi er er heldige å låne eit hus som ligg svært idyllisk til. Eg har funne fram feriestrikket, bøker og solkrem!

Etter eg var ferdig med vimpelen var det kjekt å sy ein liten ting att. Det vart ein pompadur eller ei strikkeveske i mellomstørrelsen i nydelege sommarfargar med eit nostalgisk bilete på.






Framleis er det sjø og fjell som pregar utsikta, dog ikkje så fritt og ope som heime. Ein fjord og høge fjell å kvile auga på, gjev og ro i kropp og sjel.

Ungane plaskar og kosar seg på ei lita strand rett i nærleiken, mannen og eg held auge med dei og nyt dagane.

Vi har det godt!

Gjer dagen din god!

mandag 16. mai 2011

Ein nydeleg dag


Laurdag brukte vi dagen på å plassere, dekke bord og lage lokalet fint for konfirmanten vår.

Då vi gjekk heim var eldstegullet nøgd med bordet, fargane og plasseringa. Det var blitt omtrent slik ho hadde sett det føre seg.



Lysa, sommarfuglane, bordkorta og serviettane var kome på plass, og saman med kvite dukar og kvitt servise vart det eit lekkert bord.

Lysa fekk følgje av perler på fletta fat.

Det vart det ein fin kombinasjon av søtt og litt røft.








Blomane valde vi sette fram på søndag, slik at dei var friskast mogeleg. Og med dei på plass vart bordet komplett;o)

Nok ein gang hadde Kari laga nydelege dekorasjonar!! Dei skal glede oss, og pynte huset vårt i mange dagar enno;o)


Søndag vart ein vakker dag for ein nydeleg og god konfirmant.

Omtrent heile den store familien var samla. Nydeleg mat, god stemning, latterkuler, lysbilder for å mimre om oppveksten til konfirmanten, sang og tale gjorde dagen god.

At Florø var bada i sol gjorde det endå kjekkare. Bilder i alle variantar vart tekne, noko som jenta vår gjerne ville vore utan.....;o) Men det blir kjekke minner å ha.

Og ideane til eit album med pynt m.m. frå dagen var allreie i tankane hennar medan vi rydda etter selkapet.

Dagen i dag har vore brukt til å levere tilbake og få ting på plass. Det har og vore nødvendig med gode pausar og no er det tid for å stryke ein haug med skjorter, slik at vi er klare til å feire morgondagen.....;o)

Ha ein god 17. Mai!

søndag 24. april 2011

Påskefri....


.... og nesten bloggfri....

Dagane har gått og eg har kosa meg med kjekke syslar:o)
Først har eg hatt aleine-heime-dagar med baking og saum på programmet.

Deretter har det vore familiesamankomst og nokre dagar saman med mine foreldre. Det var kjekt at vi kunne samlast alle saman.




Så kom vi heim att til sommartemperatur og sol. Då passar det godt med solkroken og bunadssaum.

Eg har strikka, sydd og kosa meg. Kva eg har laga vil komme her framover. Eg har laga nokre gåver, og no er dei overleverte og kan difor visast fram.

Slik som denne klekkeferdige høna som eg laga rett før påske. Mønsteret fann vi i denne boka.





Vi var samla på Kreativiteten og hadde ein koseleg kveld med saum, gode samtalar og mange latterkuler. Det er alltid kjekt å vere saman på den måten og når ein og kan komme heim med nesten ferdig produkt gjer det kvelden endå betre.

Eg hadde ikkje med meg symaskin, men kom likevel heim med berre handsaumen att.... Eg er heldig som har gode vener som syr ein saum eller to til andre;o)


Egget har fått hekla trekk i spreke fargar og høna heng no i kjøkkenglaset til Mamma og Pappa.


Eg vil ynskje deg ei framleis flott påskehelg!

onsdag 23. februar 2011

Vinterferie

Turen vi hadde søndag i øygarden i Florø var fantastisk!

Først den flotte turen i solskin. Vi var innom fleire av øyane, og med god prat og handarbeid
var den timelange turen nesten over før den starta;o)

På Fanøya vart vi møtte på kaia og fekk oss ein fin guida tur rundt på øya.
Vel i hus diska Åshild opp med vedunderleg mat!

Timane fauk då vi skulle sjå gjennom alle dei flotte prosjekta til Åshild.


Eg vart ferdig med handsaumen på dette settet. Mottakaren er ei god jente eg er Faste til. Ho er no sytten år og har starta på hybellivet. Då tenkte eg at løper og pute kjem godt med. Iflg mora var det på tide ho fekk meir enn lys på bordet sitt....


Her i Florø er det vinterferie, litt reising blir det i fridagane. Første turen er vi ferdige med. Den gjekk til Hyen. Jentene og eg hadde nokre dagar saman med mine foreldre og brødrene mine. Det er alltid kjekt å vere saman med dei;o)



No er det tid for kaffi og litt handarbeid.


Ha gode dagar!

fredag 24. desember 2010

GOD JUL!


Eg vil med dette ynskjer dokke alle ei NYDELEG GOD JULEHELG!
Eg ser fram til lange late dagar, god mat, gode stunder med familie og vener. Turar i knirkande snø, i solskin eller måneskin og stjerneglans.
.... og eg håpar du får det same;o)
Julestemningar er på plass her i huset, levande lys i kvar ein ledig krok, treet er pynta, gåvene er komne under treet. Luktene er og på plass. Lukta av grantre som blandar seg med lukta av pinnekjøtt som bli dampa, julemusikk, og lyden av ivrige småjenter fulle av forventningar, kan ein ha det betre????
.....ikkje eg i alle fall!
Ha ein god kveld!!

søndag 28. november 2010

Adventstid


Mine planar for denne helga var å pynte til advent.
Jentene ville bake kakemenn og pepperkaker....

Vi har klart begge deler;o)

Etter at kakedeig var ferdig og sett kaldt kunne eg plukke fram dukar, gardinkapper, lys og pynt.

Så var det tid for kakene. Rundt kjøkkenbordet var mine go'jenter, eit mostegull (dattera til søstera mi) og ei venninne til minstegullet.


Dei trylla fram englar, snømenn, stjerner, juletre m.m. og eg passa kakene i ovnen. God fordeling som passar meg og ryggen min.....;o)


Det heile var i eit makeleg tempo, noko som er heilt nødvendig og gjer det triveleg for alle...... det gjorde til at vi ikkje ferdige i går......

....så vi fortsette i dag.....

Eg tok ein "kattevask" av vindauga då gardinkappa og stjernene skulle hengast opp, det var heilt nødvendig!

Heldigvis er det så kaldt at det ikkje går å vaske vindauga utvendig no......;o)



Så måtte vi jo pynte pepperkakene!!




Melisglasur i lange baner med og utan fargar. Gul konditorfarge er ikkje å oppdrive så det vart rosa, "gusje-grøn" og turkis i tillegg til kvit.

Eldstegullet kom på at med litt kakaopulver ville vi og få ein brun farge, og slik vart det;o)




Elsdste og eg var med i starten og jammen er det kjekt å lage mønster og "fargelegge".


Dei to minste jentene har verkeleg har kosa seg med å pynte. Dei har brukt storparten av dagen til dette.

Det har vore kjekt å høyre på småpraten og go'lyden som har kome frå kjøkkenet i dag.




Resultatet viser at dei har mykje skaparglede desse to gulla mine;o)

Omtrent halvparten av kakene er no pynta til fest. Og pepperkaker med glasur er no søtt og godt til kaffien......




Eg har pusla på i dag, i langsomt tempo, og pynta litt her og litt der.

Dagen har gått med og mørkret har falle på, noko bilda diverre ber preg av.....

I utgangspunktet tenkte vi å reise til by'n for å vere med når julegrana skulle kveikjast. Det vart ikkje, i staden har eg slappa av i sofaen. Eg har gleda meg over alt det fine eg har sett og lese i blogglandia.

Roa har senka seg med levande lys, julemusikk og småprat.

Det har med andre ord vore ei god helg!


Håpar du får gode, om enn travle førjulsdagar!

mandag 25. oktober 2010

Helgelukke!


Helga starta med ein dag i Førde. Bilen skulle på verkstad og eg fylte timane med kafebesøk, besøk av tidlegare kollegaer, butikkrunde blant anna. Kjekke timar for meg og mitt humør, men dog ikkje for ryggen.... Ja, ja eg fekk mykje positivt påfyll og vel å fokusere på det når eg no"betalar".....
Eg var så heldig å ENDELEG finne favoritt-teen min. Ein gåvepakning til meg sjølv med små søte boksar med vedunderleg te. No kan eg smake forskjellige sortar og finne favoritten.... Når boksane ein gang blir tomme har eldstegullet allereie funne kva dei skal brukast til. Dei er perfekt til perlene hennar, og eit fint blikkfang til pynt.

Laurdag sette vi nasen mot barndomsheimen min. Der det venta feiring av både bursdagar og bryllaupsdag, 46 år har det gått sidan mamma og pappa sa ja på FN dagen.....
Det er alltid kjekt å komme heim og som vanleg diska mamma opp med middag til heile gjengen på søndag. Alle dei fire søskena mine med sine barn kunne komme, så vi var ein lystig gjeng på 27 stykk.
Det var ein god dag med god mat, gode historier og mange latterkuler som vanleg.
Eg hadde med strikkety og strikka striper. Det er eit prosjekt som blir til medan eg strikkar.....
Tråden har eg kjøpt over tid, utan"mål og meining" berre fordi fargane var så fine og glansen i tråden vakker. Eg starta med to nøster og kjøpte nokre fleire, og så endå nokre fleire og no blir det jakke;o)
Handsaumen min var og med på turen og det blei ein ny snøkrystall og endå ein som er klar til å bli sydd saman.
Den vakre boksen eg har til handsaumen måtte vere med på bildet. Det er alltid kjek å ta fram handarbeidet når ein kan krydre det med vakre boksar og vesker....;o)
No er planen å quilte ferdig teppet mitt og få på lukkekanten.
Eg gledar meg til å få det ferdig!
Gjer dagen god for deg og dine!

fredag 20. august 2010

Seinsommar....

Dei siste dagane har vore fantastisk fine, varme, gode sommardagar. Omtrent samtidig med at skulen starta att kom sommaren...... Så ettermiddagane har ungane og eg brukt til å nyte sola. Sørstrand og badeliv lokka. Det har vore nokre gode timar og ungane og eg har kosa oss saman med mange andre som og ville nyte seinsommaren.


Det har vorte lite handarbeid, og det vesle eg har gjort har gått i langsamt tempo..... Bøker og lydbøker i sola har vorte prioritert, men denne vesle jakka har no blitt ferdig og montert. Knappane skal eg finne i morgon. Så kan eg overlevere den til ein liten krabat.

Det er eit nytt kapittel for oss i haust. Veslegullet har blitt skulejente, så no er alle tre i skulen. Det er underleg, vedunderleg og rart.... Tenk at den vesle tulla er blitt så stor, og eldstegullet er nesten vaksen, konfirmasjon til våren ....
Mellomste har starta i 4. og har fått nøkkel for ho har slutta på SFO. Ho har venta på nøkkelen, for det betyr at ho er stor nok til å vere aleine heime til storesøstera kjem heim... Det er godt å sjå at dei greier seg godt. Dei veit kva dei vil, dei viljesterke jentene våre!

Eg må berre skryte litt meir...., sjå kva eldstegullet trylla fram av nokre av stoffa vi kjøpe i Bergen. Utan mønster, etter skissa si og nokre samtaler med meg. Det er så flott at ho torer, at ho prøver og lærer og får det til slik ho har tenkt det! 
I dag kunne ho gå i bursdag, pynta og fin i ny kjole.

Eg har og hatt ein fin dag på syrommet, men først rigga eg meg til med te og mønsterlesing. Eg skal lage klemmepung. Eg har ikkje prøvd det før, men no har eg funne nokre mønster eg vil teste.



Måndag skal quiltegruppa starte opp att etter sommaren og eg skal vise og forklare korleis vi skal sy desse.
Mønsteret til denne er frå Quiltemagasinet.



Den neste eg sydde fann eg mønster til på denne bloggen. Eller, det vil seie eg tok utgangspunkt i denne, men endra litt på den for å passe breidda på klemmebøyelen eg hadde for hand....

Då skulle eg vere klar til måndag......

God helg!