tirsdag 3. november 2009

Ups, så stilt det vart her.....

Vel, eg har hatt mykje å gjere på dei siste dagane. Helga gjekk med saman med kjekke damer og kreativ utfolding. Det er alltid kjekt å vere saman og kunne dele gode måltid, kreative krumspring og la praten og latteren gå.


Eg sydde to flaskeposar til dei minste jentene våre.


Dei har vore i bruk, slik at bildet er teke i ettermiddag og då var dagslyset vekk. Det blei difor diverre nokre mørke bilder....



Eg driv og å leikar meg med ein ny kjole/tunika. Eg plukkar litt her og litt der. Sist vi var i Kalvåg fann eg den rette tråden som passa til stoffet eg kjøpte i Ribe i sommar. Her i Florø fann eg litt meir tråd som kan passe til, og gje fine detaljar. Eg har ikkje mønster på den, men eg ser den føre meg og "har den i hovudet". Det vil  vise seg etter kvart, når den er ferdig, om den blir slik eg har tenkt det;o)



Eg burde og pakke, men finn stadig andre ting å gjere. Eg har eit 3 vekers rehabiliterings opphald på Hauglandssenteret føre meg. Eg skal reise i morgon. Eg trur og håpar at det skal gje meg eit "løft" slik at eg kan fungere i kvardagen att. Det skal i vert fall gje meg div. treningsopplegg og smertemeistring som eg kan bruke når opphaldet er over. Eg trur det blir bra! Eg kjem nok til å sakne det å ikkje vere med familien kvar dag, men eg kan reise heim ei helg og dei kan komme inn dit eg er, så det skal gå bra;o)

Elles kom denne fine pakken i posten i dag. Den var frå ei god veninne og ut av pakken kom det eit nydeleg lilla hekla skjerf og eit magnet armband/smykke som eg allereie har teke i bruk.

Men no får eg sjå om eg ikkje skal gjere noko av det som eg skulle ha gjort for litt sidan.....

Ha ein fin kveld!

3 kommentarer:

KariL sa...

Ønker deg et riktig godt opphold på Hauglandssenteret, kanskje kommer det besøk en dag. Masse klemmer fra KariL :)

Laila sa...

Håpar du får eit flott og nyttig opphald på Hauglandssenteret. Veit ikkje kor mykje tid du får til overs, men dei har visst ei flott handarbeids-/hobbyavdeling (hadde i alle fall) :)

Tidsfordriv sa...

Ønsker deg et godt opphold på Hauglandsenteret