mandag 17. januar 2011

Måndagsglede;o)


Ny veke, nye mogelegheiter;o)

Denne veka er fullpakka med kjekke planar. I kveld er det quiltemøte som alltid brukar å vere kjekke. Det er ikkje kvar gang eg syr så mykje, men det sosiale og inspirasjonen som eg får på desse møta er gull verdt!

Tirsdagskveldar er Kreativitetskveldar. Dersom det ikkje er temakveldar eller medlemskveldar møtas vi med det vi held på med om vi har tid og lyst....

Torsdag skal eg på tur og det gleder eg meg veldig til!!! Det blir berre inspirasjon og glede på den turen;o)

Jammen er eg heldig!!


Når eg var så godt i gang med "takk for-prosjektet" mitt måtte eg berre lage denne:


Det var eit kjekt lite kveldsprosjekt.


Pga. størrelsen gjorde eg som sist, kutta, teikna av mønsteret, sydde på lukkekant og broderte til slutt.


Eg likar best å ha broderiramme når eg broderer og det gjekk ikkje med denne. Men med vatt og lukkekant gjekk det greitt å brodere likevel.


Ha ein super dag!

2 kommentarer:

Laila sa...

Sjå der, ja. Ikkje berre har du teke meg att, du har passert meg også :)) Eg kom ikkje lenger enn at eg fekk printa ut første verset i går. Trur dette blir ein kjekk og overkommeleg BOM. Ikkje er 101 ute om ein hoppar over ein mnd heller..

Marit Johanne sa...

Jeg så bildet ditt på Jenny of Elefantz bloggen. Synes denne BOM-en er veldig koselig. Og selv om utgangspunktet er det samme, så er det morsomt å se hvor forskjellige resultatene blir etter hvilke stoff man har brukt.