Så vart eg ferdig med veska;-) Eldstejenta likte den og. Eg har endå restar att av stripene i raudt og svart, kansje det kan bli ei toalettveske av det...... Vi får sjå.
ups. var nok litt ustø på handa her, men dei neste bileta er betre.....
Veska er grei med at den kan vere liten når vi startar handleturen,
så er det berre å kneppe opp.......
og vips, så er det plass til meir;-)
Det er også snor med karabinkrok inne i veska, der kan ein f.eks feste den vesle veska med leppestift, handkrem m.m. som til vanleg er vanskeleg å finne.....
Det var rikeleg med stoff att så det vart ei lita veske med hempe på som kan festast inne i veska.
Mottakaren var og nøgd, og då er alt bra!
2 kommentarer:
Veska vart kjempefin. Ser romsleg og god ut. Akkurat passe storleik. No er eg i alle fall HEILT sikker på at eg skal sy ei slik.
Ja, det må du gjere. Gledar meg til å sjå di ferdig;-)
Legg inn en kommentar