mandag 27. april 2009

Hjartefryd og syglede;-)

Det har vore ei fantastisk helg på Værlandet i nydeleg natur, vakkert vær

og ei hjartegod vertinne!

Vertinna diska også opp med god mat fredagskvelden då vi kom.
Elles vart det laga god mat i full fart av alle, då vi helst ville sy og ikkje stå på kjøkkenet å lage mat denne helga.
Ei av damene diska opp med god kaffimat samt at vertinna hadde baka ei nydeleg eplekake og gode rundstykker før vi kom.
Rikeleg tilgang på frukt, grønt, nøtter og sjokolade som kunne konsumerast undervegs var godt når hovudet var tomt og ei pause var nødvendig.

Vi var 6 damer rundt eit spisebord med god utsikt både rundt bordet og ut av vindauget;-)


Vi var samla fordi alle ville sy same veska, å gjere det i lag med likesinna er større glede enn å sitte kvar for seg å sy.

Det vart mykje latter og prat om mangt og mykje rundt bordet.









Samt full konsentrasjon når det var nødvendig....
Skjærematter, linjaler og knivar var på kjøkkenbordet og strykebordet strategisk plassert ved kjøkkendøra.
14 åringen i huset var svært tålmodig med tanke på at huset var invadert av 5 syglade, lattermilde, skravlande damer!
Vertinna vart ferdig med veska, og ho likte stoffa! dei passar ypperleg til dongeri.....
Ei har sydd veska si i nydelege japanske stoff og har berre litt handsaum og hanker att.
To var ferdig med veske og for klart til montering og hankar.
Nydelege brun- og grøntonar med rosa og turkise detaljar som friskar opp og gjer veska spennande:-)
Eine hadde eit nydeleg stoff som ho ville ha i eit felt samt på sidestykka i veska.
Når ein skal gjere litt anna enn mønsteret må ein tenkje litt og prøve litt, eg synes at resultetet vart flott!
Det var berre eg som ikkje sydde i brunt;-)
Eg fekk den sydd saman og skal gjere den ferdig heime. Det var som venta då eg må ta jamlege pausar på sofaen pga. ryggen, MEN eg hadde det heilt topp!
Å kunne vere saman med so kjekke damer ei heil helg og gjere det ein likar best er fantastisk! Bilete av veska vil komme om litt, eg skal berre sy den ferdig.... Det vil nok skje ganske fort, då eg fekk mykje inspirasjon i helga og har mange nye prosjekt i hovudet.

Når ein syr vesker kan ein pynte og lage lekre detaljar også inne i veska.... Her er to som gjorde nett det.....;-)
Takk til alle dokke som gjorde helga til ei god vitamininnsprøyting!

3 kommentarer:

Laila sa...

Flotte vesker de produserte i helga. Veska liknar veldig på eit mønster som står på mi "to do"-liste. Frå Tre damer?? Har ikkje heilt bestemt fargane enno, men her var det jo råd å få inspirasjon!! Må berre gjere ferdig nokre andre prosjekt først... Ha ei fin veke.

Tidsfordriv sa...

Fine vesker dere har sydd. Ser ut som dere har hatt en kjempeflott helg

SOLSAUM sa...

Ja Laila, det er mønster frå Quiltehuset i Bergen. Ei fin og praktisk veske.

Og ja vi har hatt ei flott helg;-)