søndag 24. mai 2009

Mai er og blir feiring og fest!


I mai har det vore mykje kjekt å feire, så vi har vore travle i det siste.



Først var det 17. mai som vart ein solrik og kjekk dag med barnetog, fest på skulen/barnehagen der jentene våre går.


I år er det siste året for eldstejenta før ho skal starte på ungdomsskulen til hausten. Tradisjonen på skulen vår er at 7. klasse skal halde talen for dagen.
Det er to 7. klassar så nokre vart trekt ut til å halde talen. Ein av desse var jenta vår, gjett om det var ei stolt mor med klump i halsen og tårer i auga som sat å høyrde på dei flotte ungdommane! Dei greidde det med glans!;-)

På slutten av kvelden var vi 5 familiar som pleier å samlas til spleiselag og kvelds. Det er ein flott slutt på ein flott dag! Bilete frå dagen på bloggen vert det ikkje, men ein søtt bilete at eldste og yngste jentene mine med blomar i håret måtte vere med.... Det vart teke 16.mai.


Torsdag var den første konfirmasjonen til mine moste-/fastebarn.
Heretter er det 15 stk. som truleg skal konfirmerast og den minste vart 2 år i april..... Det blir mange kjekke stunder!
På mannen si side startar vi først om 2 år...... Der er det 5 stk. Vi er heldige som ha så mange flotte jenter og gutar i familien!



Konfirmanten ynskte pengar, men fasta måtte sy litt og. Vi fekk ein ei flott invitasjon med bilete av seg sjølv som konfirmanten hadde laga. Dette kopierte eg over på eit stoff slik at eg kunne sy ei lita veske til ho. Håpar ho vil bruke den;.)



Dagen etter var eg så heldig å bli bede i 50-års dag. Det vart ein kjekk kveld med mykje god mat og flotte damer som prata godt saman. Det var nokre quiltedamer så litt prat om saum vart det og.....

Eg hadde laga truseposar til ho og eg trur ho vart overraska og glad for gåva.
Bakgrunnen for desse posane var turen til Værlandet, der truseposar og raudt undertøy var eit av temaa vi var innom.....





Eg måtte difor brodere raudt undertøy til tørk på posen til brukt undertøy.










Den andre fekk eit nostalgisk bilete, sløyfe og til pynt. Teksten har eg brodert på.


Posen er ikkje fora, men eg har brukt eit kraftig stoff så då trengst det ikkje meir enn eit lag stoff;.)











Dei siste to dagane har difor gått i langsamt tempo;.) Det må ryggen min ha, men det er vel verdt med all den hygga eg har hatt!



Då er det kjekt å kunne kose seg i sofaen med bok eller handarbeid og mannen sine plater på spelaren. Eg trur ikkje ein kan ha det betre når det er kaldt og regn ute.....;.)

Eg prøvar meg fram med litt hekling, Eg er inspirert av Liselotte og prøver å hekle gardin til badet. Eg trur det blir fint!



Ha ein fin dag!

Ingen kommentarer: