fredag 15. mai 2009

Ull, lyslykt og utsikt......




Er det ikkje vakkert?
Tenk at dette er i nabolaget mitt;.) Eg blir aldri lei av å utsikta, eg har sett den frå ganske mange vinklar no....




I dag var det vedunderleg å gå i skogen,





fuglesong, irrgrøn farge på trea og bakken og tankane fekk flyge fritt.





Utsikta til sjøen og øyane ut for Florø sentrum er upåklageleg.




Eg fekk og knipsa nokre flotte bilete av sentrum i Florø.














Når eg kom heim prøvde eg noko nytt. Eg har fått låne ei filtemaskin og eg har leika meg med ullfilt og merinoull.






Sist veke fekk eg sjå ei brodermaskin i aksjon, samt at eg fekk prøve å filte med maskin for første gang.





I dag gjorde eg ferdig ein prøvelapp med broderi og filting som vi starta på då.





Etterpå leika eg vidare med ull og ullfilt





og no håpar eg at kaffien held seg varm litt lenger....







I går hadde vi tema om gjenbruk på Kreativiteten.



Vi fekk boltre oss med sylteglas, streng, knappar, paljettar, telysholder og perler.



Resultatet vart lysestakar som eg tenkte å ha ute på terrassen.



No er eg klar til utesesong, med kaffikanne i ny drakt og lyslykter, varmen og sola er her og livet er godt!








Ha ei god helg!

Ingen kommentarer: