torsdag 11. juni 2009

FRYD!



No har eg leika meg med tråd og perler og no er eg ferdig.


Det er utruleg kjekt å ikkje vete korleis det skal sjå ut før det er ferdig.
La biletet bli til undervegs og så kva som skal til.













Eg trur eg må gjere dette fleire gangar;.) Eg tek vare på små og store bitar av stoff, nett fordi det er kjekt å kunne leike med fargar, former, tråd, perler m.m.



Eg har brukt diverse pyntesaumar, som eg har på maskina, når eg har sydd fast stoffbitane. Dei er berre lagt opp på vatten og bakstykket og sydd fast. Når alle er festa har eg frihandsquilta litt for å feste dei litt meir.



Der eg har delt biletet i to, har eg sydd eit nett for å feste det saman att. I nettet har eg pynta med grøne perler.


Ha ein god dag!

2 kommentarer:

Ravheksen sa...

Hej
jeg kan se i din kommentar til Slagt en hellig ko, at I skal til Ribe i ferien. Jeg bor lidt udenfor og kan anbefale jer at tage en tur til Mando. En lille o ude i Vadehavet, hvor man korer over havbunden ved lavvande. Paa oen er der mulighed for at komme til Koresand, En stor sandbanke man korer til ved lavvande. Den er meget stor og vestsiden ender ude i Vesterhavet.
Jeg haaber I faar en dejlig ferie. Hvis du har sporgsmaal er du velkommen til at kontakte mig paa min blog.
En sommerhilsen fra
Ravheksen (Laila)

KL sa...

Dette har eg drøymd om lenge. Har også samla rester til slike arbeid. Du inspirerer meg til å byrje. Det er berre så kjekt å være ute i hagen etter ein lang dag på kontoret no i desse lyse summarkveldar.