onsdag 10. juni 2009

Sol og turglede..





Sola kom fram også i dag, og når veslegullet så gjerne ville gå tur, var eg ikkje sein å be... Vi går godt i same tempo, har god tid for det må vi! Vi tuslar ei passeleg lang tur og får sjå så mykje kjekt;. )





Som desse hønene her, dei har flytta til ein ny plass i hagen;-)


Veslegullet måtte heilt ned til dei for å sjå, snur seg med bedande auge og seier, "kan ikkje vi og få dyr, høner, ein katt eller hest eller noko......."


Når ho er utstyrt med store blå auger som ser bedande på mora, ja kva seier ein då? Eg sa vel ikkje noko....... Vart plutseleg travelt oppteken med å ta bilete.....


Vidare gjekk turen inn i skogen ved skulen der diverse klatre- og balanseutstyr av tau er laga mellom trea.


Disser er og hengt opp på greiner klare til bruk for ungane i området.


Vi fann og nokre fine blomar som eg kunne ta bilete av før ho plukka ein;.)






Eg har og fått sydd litt på veska.


No er ho sydd saman, eg skal sy foret til den og sette i glidelås og hankar.


Litt kjekt arbeid i morgon og;-)



Ha ein fin kveld!

Ingen kommentarer: