torsdag 4. juni 2009

hjertesaum;.)


Sola skin i Florø i dag, men det er ein kald vind. Det er difor godt å vere inne med symaskina. Eg har kutta stoff og sydd saman sidene til veska. No har eg sett meg godt til rette og skal brodere litt.
Tenkte meg ein tur på biblioteket for å fylle på med lydbøker. Eg skal til på den 4. boka om Arn Magnusson av Jan Guillou. Det er ei vakker historie og Jan Grønli har ei god stemme å lytte til;.)
Og så må eg finne fine kort slik at veslegullet kan invitere venninnene sine då vi skal feire 5 årsdag på søndag;.)
Det er ein fin dag;-)

Ingen kommentarer: