onsdag 3. juni 2009

Ny veske


Eg er blitt spurd om å sy ei veske og no har eg fått materiale og stoff i hus og kan starte;.)
Det er vind og kaldt i Florø i dag, og sol og regn avløyser kvarandre så det er godt syvær;.)


Eg er stadig ute og tek ein kikk i hagen og den forandrar seg dag for dag.










Nye blomar sprett ut og dei eg sådde i vår har vokse mykje i varmen vi hadde i helga.
Det er liv i hagen.
Fargerike insekt som nyt livet;.)







Og eg nyt å kunne sjå på dei vakre valmuene som sprett ut.
Det er omtrent ein ny stor flott blome kvar dag;.)

2 kommentarer:

KL sa...

Er du sikker på at det ikkje er liljebille du har fått i hagen? Dei elskar liljer så mykje at det ikkje blir noko igjen.

SOLSAUM sa...

Det kan hende, det er i alle fall fin farge på dei.....;.)