fredag 19. juni 2009

VESKEFIN!



No er veska klar til å bli overlevert til eigaren.
Det var ei grei veske å lage, men mønsteret var noko "krunglete" skrive. Det er nok ein fordel at eg har sydd nokre vesker frå før slik at eg visste korleis eg skulle sy den.....
MEN veska er fin, grei løysing med glidelåslukking. Det broderte hjertet og dei fletta hankane gjer den forskjellig frå andre vesker.
I hankane er det tjukke snorer, men det gjekk fint å sy dei fast.
Eg har sydd nokre røffe hjerter på baksida av veska, litt motvekt til det søte på framsida.....
No skal eg sy nokre små vesker/toalettvesker som skal leggast ut for sal på Kreativiteten som opnar sommarbutikken i dag!
Ha ein god dag!

3 kommentarer:

SNILLPIKE♥ sa...

Den veska var berre kjempefin, har lenge tenkt å sy veske jeg med, men er ikke komt så langt ennå. Døgnet har for få timer. God helg til deg.

SOLSAUM sa...

Jau veska er fin, og mottakeren er nøgd;.) Døgnet skulle gjerne hatt fleire timar, men eg er heldig og kan få sydd ein del. Det gledar meg at eg kan gjere det.

Merete sa...

Kjempeflott veske, har faktisk det mønsteret liggende her jeg og:-)