tirsdag 28. juli 2009

Antioksidantar.


Litt antioksidantar vart med heim i dag. På mine turar i skogen har eg sett på blåbæra som er i skogen rundt stien. I dag tok eg med meg min nykjøpte blåbærplukkar og plukka litt langs med stien.
Det vart ein nesten full plukkar og det er eg nøgd med.
Det kan bli nyrørd syltety til frukosten i morgon;.) eller bær med vaniljesaus, eller kanskje det er nok til ein blåbærpai;.) Vanskeleg å velje, men det er meir i skogen.
Ryggen var og nøgd, men eg lærde fort at eg skulle ned på huk når eg skulle plukke, ikkje bøye meg…..
Å eg gledar meg til eg skal bestemme kva eg skal gjere og ikkje ryggen….;.)

Ha ein fin kveld!

1 kommentar:

Laila sa...

Mmmmm, blåbær med vaniljesaus er kjempegodt. Det hadde vi til dessert her ein dag.