mandag 6. juli 2009

Badegleder og selskapsgleder!



Det har vore mange varmegrader i helga! Heime hos foreldra mine hadde vi to flotte dagar, laurdag var det så heitt at vi greidde ikkje å gjere så mykje først på dagen, men då ligg min barndoms badeoase! å lokkar........;.)



Ute i skogen ligg Langevatnet og der har eg bade mykje. Laurdag var vatnet omtrent lunka! Dvs vi vart ikkje så veldig avkjølt av å bade, men det var vedunderleg å symje i vatnet.




Ungar og vaksne plaska og symde og kosa oss. Etterpå var sola gått ned bak om fjella og vi kunne reise heim att for å førebu til selskap dagen etter.


Mamma hadde rydda og vaska så det var berre " finpussen" vi kunne bidra med, dvs stryke dukar, plukke blomar for å pynte borda, bake ei kake, bake foccacia og laga potetsalat på søndag.


Ut på dagen kom gjestene til spleiselaget med mykje god mat!



Først salt mat og dessert......












........så kaker og enda meir kaffi!


Mange gode kaker!!!!!
















Vi er heldige som er del av ein så kjekk familie, det er alltid kjekt når vi samlast, mykje latter og gode historier...

Og vi er veldig glad for at mamma og pappa inviterer og at alle vil komme opp på garden kvart år. Det gjev flotte minner både for vaksne og for ungane som blir godt kjende med kvarandre på tvers av generasjonane!



I dag har turen gått til Gol, mannen og jentene har vore i Tropicana og kosa seg, medan eg har kvilt ryggen etter helga, pakking og køyreturen hit. Eg er veldig heldig som har ein slik familie som let mora å kvile når ho treng det;.)

I morgon går turen vidare til Larvik......

Håpar du har ein fin kveld!

3 kommentarer:

KariL sa...

Håper å komme meg på dine barndomstrakter i løpet av sommeren. God tur videre.

Merete sa...

Ser ut som om dere hadde et hyggelig lag, i allefall mye god mat og kaker som fristet her:-)

annemariesquilt sa...

Heia, dette så veldig koselig ut. Det må være deilig å være del av en stor familie..
Larvik er forresten min hjemby, håper du får det fint der...