
Larvik var ein fin by, vi tusla litt rund i byen, fekk oss litt mat og tusla endå litt meir før vi returnerte til Bakkane Gård der vi overnatta.


I dag var vi tidleg oppe og rydda raskt ut og la frå kai kl 8. Vi hadde ein god frukost og ein hyggeleg tur over til Hirtshals.
Denne karen kom innom..... ein hyggeleg fyr, til glede for ungane, men kunne han få oss vel fram til kai????.....

Vi gjekk ein tur i gågata i byen, og har funne mange ting som vi gleder oss til å sjå nærmare i dagane som kjem.
Nokre turar rundt omkring i området rundt Ribe er og på lista av ting vi kanskje skal gjere. Vi tek dagane som dei kjem og gjer det som fell oss inn, slik ein god ferie skal vere.
I morgon blir det nok ein roleg dag i Ribe etter nokre dagar i bil.....
Håpar du har ein fin kveld, det har vi!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar