mandag 20. juli 2009

Danmark, Oslo, Hyen ......



Returen frå Ribe til Hirtshals gjekk raskt og greitt. Motorveg og greie ungar i baksetet og Snømannen på lydbok er ein god kombinasjon som gjev ein god tur. Det flate landskapet i Danmark flaug forbi og er godt å kvile auget på, med strikk i hendene......


Båtturen til Larvik gjekk også fint. God underholdning, litt å bite i og noko leskande og svupp! så var vi i Norge att!







Etter ein biltur til Oslo og ein liten tur innom eit lite hotellrom, gjekk vi ut i Oslo by. Vi rakk å ete litt og traske ein tur på Karl Johan og klatre litt før vi tok kvelden....




Eg sovna omtrent samtidig med minstejenta, lenge før dei 3 andre.....;.) Men eg vakna utkvild neste dag som baud på handletur for min del.





Mannen og dei to minste køyrde Thomas tog og besøkte slottet. Først såg dei på vaktskifta før dei tok med eldste jenta og var med på ein guida tur inne på slottet.




Det var til stor glede for jentene og mannen fekk med seg mykje historie, eg trur han likte rundturen han og.


Eg tusla litt på Karl Johan og i sidegatene og fekk meg ein "strekk" på hotellrommet, når ryggen trengde det;.)


Panduro hadde sal så eldste jenta og eg var innom der og fann litt å ta med heim....

Om kvelden gjekk turen til Grønland, vi tenkte å ete her, sitte ute å nyte sommarkvelden, men vi fann ikkje rette plassen og enda opp inne, men mat fekk vi og ein fin rundtur i Oslo.



Etter at dei to minste var i seng, og eldste godt kunne passe dei litt, tok mannen og eg oss ein tur på eigahand. Vi fann oss ein fin pass med litt jazz på øyret og vin og øl i glaset. Her kunne vi sitte ute å nyte sommarkvelden, og det var ei god stund!









Dette såg eg det eg runda eit hjørne, eg synes det var fint med lyset og skuggane mot nattehimmelen.....

Dagen etter pakka vi og reiste heim. Det gjekk fint med eit par stopp undervegs. Det var godt å komme heim og sove i eiga seng.



Vi var komne til siste del av Snømannen og den måtte vi berre høyre ferdig og eg fekk gjere ferdig merkelappane.....;.) Nok ein god kombinasjon.....











Fredag gjekk vaskemaskina i eitt, og det var ypperleg vær til kletørk ute!







Eg fekk ei stund med symaskina og sydde bursdagsgåver til mamma.......


















.........og nokre mapper som eg ville ha med til messa i Hyen.
Ein god dag i passeleg tempo.











Laurdag gjekk turen til Hyen.

Ingen kommentarer: