mandag 20. juli 2009

Friluftshelg i Hyen.....



I Hyen var det yrande folkeliv. Her kunne ein få med seg mykje! Turar i skog og mark, salsmesse med mykje fint handverk, kyrkjekonsert, leik og moro, god mat – grillmat, gryterett, kaffi og kaker. Og kakene var ”heimebakte” nam, nam!
Mange av dei utflytte ”Hyarane” var komne heim for denne helga, så det var mange kjende å slå av ein prat med og eg gløymde heilt å ta bilde, men eg fann dette som viser litt av mangfaldet ein kan by på i Hyen......;.)


Systrene til pappa, med ektemenn, og broren hans var også heime på besøk. Dei trefte og mange av sine venner frå tida i Hyen, mange av dei har dei ikkje sett på fleire år.
Vi var så heldige at mamma og pappa nok ein gang opna huset og alle fekk overnatte og vi vart serverte god mat. Vi hjelpte kvarandre og laga til eit herremåltid laurdag kveld. Eine fasta mi hadde steikt natronkaker på morgonen og hadde med det og nydeleg syltety eit glas med rørde jordbær og eit til med molte! Nydeleg på natronkaker!;.)

Mamma lagde sin gode bondeomelett som alltid er god kveldsmat. Ho samla dei av borna med sine born som ikkje hadde oppdrag i samband med helga og vi fekk nok ei koseleg stund i stova. Gode historier og latter, før fastene, eine fastemannen og onkelen min avslutta kvelden på flakedans.

Dagen etter strata vi med sein frukost, vi tenkte først å ha den på kjøkkenet men fann fort ut at vi tek den i ”ny-stova” slik at alle får plass rundt bordet.
Det er faktisk første gangen eg et frukost i den stova…..
Ny-stova er den eldste stova! i huset, den er full av gamle kister og ting med historie som mamma og pappa kan fortelje til dei som kjem på besøk og vi sjå innom.

Etter ei fin stund på altanen der kvar og ein kunne gjere det dei likte best..... Minstejenta fekk ta fram målinga og penslane til bestemora og kosa seg veldig;.)
....og god viltmiddag som mamma trylla fram, fekk dei endå meir besøk.
Denne gangen var det to av hennar tanter som kom på besøk.
Sonen til den eine hadde teke med seg mor og tante på hyttetur til sunnfjord og då var ikkje vegen så lang til Hyen og Rønnekleiv på besøk. Den eldste tanta på 93 år hadde ikkje vore oppe sidan søstera mi låg i vogga og det er over 40 år sidan! Så det var på tide at ho fekk ta turen opp att;.)

Nok ei god helg hos mamma og pappa, takk for den!
Eldste jenta reiste heim litt før oss, og når vi kom heim diska ho opp med heimelaga pizza, kan ein ha det betre???
I dag har det regna i Florø og vi har fått rydda litt og støvsuga før vi tok turen til by'n.
Regnet gjer at mannen tenkte å gjere litt meir innearbeid....
Vi har lenge snakka om å gjere noko med golvet på kjøkkenet og no skal skåp tømmast og bærast ut i stova, bordet skal og ut dit og han skal fjerne furugolvet som har vore der før og no skal det bli parkett, om litt..... Eg gledar meg til det! ;. )

Ingen kommentarer: