tirsdag 21. juli 2009

Nytt kjøkkengolv;.)




Dagen i dag har også vore grå og våt, men eg har vore inne det meste av tida.

Slik såg det ut i dag før vi starta. Dette furugolvet er no rive vekk og vi har kome godt i gang med å legge det nye;.)


Nokre få ærend til sentrum blant anna for å hente utstyr til mannen og hente lettvint middag: frå Pizzabakeren, nam, nam!


På første turen kom eg over desse, eg synes dei var fine, det er no ein gang slik med meg og hjerter......



........eg likar dei! Dei gjer meg glad!
















Elles har eg surfa litt på nettet, og hjelpt til når mannen trengde ei hjelpande hand. Det gjekk å kombinere slik at eg kunne gå til og frå når han trengde det, og kvile ryggen når det var/er brukt for det!


Eg er på jakt etter eit mønster til nøstet som eg kjøpte i Ribe. Eg har fått nokre idear, så får vi sjå kva det blir;.)

Vi hatt enkle måltid i stova, når vi trengde ein matbit og litt kvild.....

Det blir enkel traktering til kjøkkenet er klart til bruk att, på kjøkkenbordet som er midlertidig lagra i stova saman med eine kjøkkenskåpet, innhaldet! og kjøleskåp, utan innhald.....

Det er inga sak for den som ventar på noko godt...... og så vidare;.) Eg gledar meg stort til eit golv som blir lettare å halde/vaske!



Ungane har og vore mykje inne, i slikt vær fristar det ikkje å vere ute, dei har aktivisert seg med bowling, tennis og golf. Det er kjekt med Nintendo Wii.......;.)





Så langt kom vi i dag før både mannen og eg måtte kapitulere, begge hamna på kvar sin sofa for å strekke rygge.

Etter litt søvn reknar eg med at vi er klar til ny dyst i morgon;.)


Ha ein fin kveld, det har vi!

3 kommentarer:

KL sa...

Skal sei dere svinger dere raskt rundt. Dere har jo nettopp kommet fra ferie. Ser ut til å bli veldig bra. Lykke til videre.

SOLSAUM sa...

Det var mannen som brakte det på bane søndag kveld. Eg har yngst meg nytt golv ei tid og sa ja takk!, gjerne det, når han foreslo å bruke regnværsdagane slik!;.)

Laila sa...

Sjølvsagt seier vi ikkje nei takk til nytt golv :-) Kjekt med litt fornyelse av og til. Litt "bale" medan det står på, men det blir nok bra.