onsdag 22. juli 2009

YES!!!!


Det meste av dette er no plassert på kjøkkenet;.)

..... og vi er lukkelege eigarar av parkettgolv på kjøkkenet;.) ;.)
Eg smiler og smiler og nyt synet og nyt å gå på
det nye golvet.
Jentene har dansa og kosa seg med dans, smil og latter før vi fekk inn att bord, stolar, benken og skåpet.
Det gjekk med to feriedagar, men det er det vel verdt! Eg er veldig glad for at min kjære, gode, flinke mann ville bruke to av sine feriedagar på dette.
No er det meste på plass, det som er att er servise og småplukk som skal på plass i skåpet til venstre på bildet, men det skal få vente til i morgon!

Mannen har hamna på sofaen og kjem nok til å kjenne det godt i bein og rygg i morgon. Eg tenkjer eg får massere han litt, så det ikkje blir så gale......




Vi feira med kvelds på kjøkkenet, omelett....;.) og Kusmi tea.
Morgondagen skal gå i langsamt tempo, men lysta til å lage ny løpar, brikker og gardiner kom snikande, merkeleg dette....
..... det har vore to dagar utan strikk, hekl eller saum.... for mange dagar utan det gjev "abstinens"!
Denne karen, Pastorius, har vi fått i pensjon. Han synes det har vore skummelt her denne gangen, saging, smell frå metall mot metall og så støvsugeren, den er skummel!
Døra sto opa og han var på veg ut, skeptisk og litt nervøs og med eit snudde han og strauk opp trappa. Det var då hundane til naboen bjeffa.....;.)
Ja, ja han er god på botnen, men steik for ei PINGLE!!!
Ha ein fin kveld!

3 kommentarer:

Flittige hender sa...

Gratulere med nytt gulv. Det er morsomt å pusse opp..
Ha en fortsatt fin ferie...juli :0)

KL sa...

Gratulerer med nytt golv. Gleder meg til å sjå kva du hartenktå lage av nye dukar og brikker. Hels din mann og sei eg er imponert. Eg ser han kan meir enn stål og beregningar.

Sifka sa...

Tillykke med det nye gulv, det ser fint ud.