torsdag 23. juli 2009

Rett og slett glede;.)

I dag har det vore ein fin dag;.) Kjøkkenet er "på stell att", når eg først var i gang vart det tørka støv og rydda etter beste evne;.)



Middagsbesøk har vi og hatt i dag, det er alltid kjekt. Svigerinna mi og eldste dottera kom for å hente heim att minstejenta, som vi er så heldige å ha besøk av sidan vi var i Hyen i helga.
Ho og mellomste vår er bestevennar og likar godt å vere saman.
Eg serverte sjømat, reker, laks, foccacia og guacamole, Det var ei kjekk stund med kjekke gjestar.






Litt seinare på ettermiddagen fekk vi besøk av eine broren av mannen med sine to nydelege ungar! Vi er så heldige at dei skal vere her ivert fall til å morgon, det er kjekt for store og små.
Så i kveld har det vore glade barnestemmer, latter og moro. Vi har og vore ute og nytt sola og det er alltid kjekt! No er det kos med god musikk, raudvin og resten av foccaciaen......;.) (for dei vaksne) ei god avslutting på ein god dag! med andre ord!


Eg har lenge tenkt eg skulle vise kva som låg å venta på meg når eg kom frå ferieturen.

Eg abonnerer på broderusk hos Northern Quilts. Eg får då pakkar med mønster, tråd og stoff til stitchery. Det er kjekt å få inspirasjon. Det er ikkje alltid at eg lagar det som er i mønsteret. Eg likar å ha min eigen vri......

Denne gangen var det mønster til eit babyteppe og ein pompadur. No har eg ikkje tenkt å ha fleire barn, alle gode ting er tre;.), men det er vel nokon som kan ha bruk for eit slikt....


Eg tenkte å lage det og er det ingen eg kjenner som har bruk for det så kan eg kanskje selje det......



Eg må berre ta med eit bilde av den nydelege utsikta vi har i kveld. Eg sit i sofaen og nyt den, den er nydeleg å kvile auga på! med god musikk i øyret, god prat, i kjekt selskap!

Eg har det vidunderleg, kan ikkje ha det betre!





Håpar du og har ein fin kveld!

1 kommentar:

KariL sa...

Det er godt å høre. Liv og røre og masse god barnelatter gir alltid glede. Ha en god helg. Håper det går bra med ryggen din.