
I dag er eg litt i "vakuum."... Etter nokre veker med mange gode dagar, der eg har fått oppleve mykje, sett mykje og hatt kjekt besøk og fått mange fine stunder med mange flotte menneskjer, kjem eg liksom ikkje i gang med noko..... Eg har sove lenge, ete god frukost med familien, litt rart å berre vere 5 sundt bordet.... Deretter var det litt handsaum og Popquiz på radio.
Eg måtte berre prøve eit nytt hekleprosjekt då eg har teke opp att Elvira, lingarnet eg brukte vart feil. I staden for å gjere den ferdig og la den ligge ubrukt prøver eg meg på noko nytt;.) Til Elvira skal eg bruke noko tynt og lekkert ullgarn. Kva eg skal bruke veit eg ikkje endå, det skal få ligge litt.


Eg tenkte å ha ei stund på syrommet i dag. Det er mange idear som eg gjerne skulle starta på....;.) Eg gledar meg til det no. Eg ser at sola og fineværet er på veg etter ei god stund på syrommet kan eg gjerne ta turen ut i skogen og hagen/uteplassen. eg gledar meg til det og!
Ha ein fin dag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar