Eg har alltid vore glad i margerittar. Dei blomane har eg alltid i krukkene ved inngangsdøra.
I år står dei frodige og fine, som Ella har eg hatt gjødsel i krukkene og dei er store, vakre, med stor blomeprakt! Eg gledar meg over dei når eg nyt kaffikoppen ute på føremiddagen, då sit eg rett ved sida av dei, og kvar gang eg kjem heim att, lyser dei i mot meg når eg kjem til døra.;.) GLEDE!

Eg har kjøpt inn stoffet og oppheng for ei tid tilbake, og i dag og i går har eg kosa meg med handsaum.
Eg har brukt eit mønster av AnnaKa og puslar meg fram etter "eg ser korleis det blir"-metoden.... Eg likar å bruke den, då er eg ikkje låst og det blir litt mitt. Men det blir margerittar....;.)
Eg er nesten ferdig med den første, viser det fram når den er heilt ferdig;.)
I dag kom sola og litt varme... og eg fekk plukka litt i hagen, ein tur i skogen og handsaum i pausane! Det var nydeleg med ein utedag. Det gjorde godt!
Kvelden brukte eg og ute, eg sat her til "kulden" jaga meg inn..... Det er godt å sitte her etter ein g
od dag.

Når dei to minste jentene er i seng og vil at vi skal vere i same etasje, kveikjer eg lysa og nyt kvelden med handarbeid eller bøker.
Av og til sit eg berre å ser ut i lufta eller på lysa og let tankane vandre, det er også godt;.)
Håpar at du og har hatt ein fin dag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar